Boklansering: Biene, av Meelis Friedenthal

  • Fretheimsalen Fretheim hotel Flåm

I samarbeid med Bokbyen Skagerrak vert det boklansering under Nynorske litteraturdagar også i år! 

Den estiske forfattaren Meelis Friedenthal fekk EUs litteraturpris i 2013 for romanen Biene, som også har fått fleire litteraturprisar i Estland. Biene er til no komen ut i Italia, Latvia, Nederland og Norge, og fleire omsetjingar er under arbeid. Friedenthal er professor i Tartu, og er denne vinteren gjesteprofessor i Uppsala. 

Øyvind Rangøy debuterer som omsetjar av romanar med denne boka. Rangøy er lyrikar, omsetjar og mellom anna redaktør av medlemsbladet til Norsk Estisk Forening.

Biene kjem ut på Bokbyen Forlag i Tvedestrand, og forlagsredaktør Jan Kløvstad leier samtalen mellom forfattar og omsetjar på Fretheim hotel. 

Nytt sjansen til å bli kjend med ein spennande estisk forfattar! Vel møtt!

Forfattar Meelis Friedenthal. Foto: Bokbyen Skagerrak

Forfattar Meelis Friedenthal. Foto: Bokbyen Skagerrak