Back to All Events

Danseførestilling: Inkonsekvent

  • Fretheim hotel Nedre Fretheim Flåm (map)

Berit Einemo. Foto: Fan Wu

Søndag får publikum høve til å sjå ei danseførestilling utanom det vanlege. Førestillinga er eit resultat av ein danseverkstad der dansarane Anna og Berit Einemo har utforska ulike tema saman med born frå Aurland musikk- og kulturskule.

Tema for førestillinga: Alle menneske står ovanfor store og små val i livet. Definerer vala me tek kven me er? Kva er følgjene av å ikkje velje, er det i det heile mogleg? Nokre gonger handlar ein utifrå sjølvstendige val. Eller gjer ein eigentleg det når alt kjem til alt? Kor påverka blir me eigentleg av andre menneske?

Når ein er i ferd med å bli vaksen dukkar det opp stadig nye utfordringar og dei vala som tidlegare blei tekne hand om av vaksne omsorgspersonar må ein gradvis ta stilling til sjølv. Kjensler av tvil kan kome snikande og det er ikkje alltid like lett å bestemme seg.

Anna Einemo. Foto: Antero Hein

Saman med borna har Anna og Berit utforska korleis denne tematikken kan utspele seg gjennom rørsle og gruppedynamikk. I tillegg er litteratur frå nynorske forfattarar blitt nytta som inspirasjonskjelde i prosessen, mellom anna Halldis Moren Vesaas, Jon Fosse, Per Sivle og Aasmund Olavsson Vinje.