Flåmsbaneboka i ny drakt - Johs. B. Thue og Thomas Morel

  • Flåmsbrygga, Peisestova

I 2002 gav SKALD forlag for første gong ut den vesle boka om den store Flåmsbana, den spektakulære togreisa som har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Norge. Over 600 000 passasjerar tek den verdskjende togturen årleg. Boka om Flåmsbana er utgitt på sju språk, i 30 000 eksemplar og har blitt ein klassikar i suvenirboksamanheng.

No har den populære turistboka kome ut på nytt, fullstendig revidert, i ny design og denne gongen med foto av Thomas Morel. Morel er ein nederlandsk fotograf, busett i Norge, som etterkvart har bygt seg opp eit stort namn. Han har gjennomført fleire spennande fotoprosjekt i inn- og utland for mellom anna Helly Hansen, Puma og NYC Ballet. Han fekk sitt gjennombrot med fotoserien av dansarane frå Nasjonalballetten.

I boka gir Johs. B. Thue ei kortfatta, lettlest og oppdatert framstilling av fakta kring den brattaste bana i verda på normalspor; frå jernbanehistorie, via Flåmsbygda til anleggskunst og rallarliv. Boka gir innsikt i dei historiske, kulturelle og tekniske sidene ved den kjende togreisa. Med Morel sine fantastiske bilde frå ulike årstider vil boka halde fram som klassikar i mange år.

Publikum vil få møta forfattaren og fotografen saman i Peisestova på Flåmsbrygga laurdag føremiddag.

Johs B. Thue (f. 1940) er frå Balestrand. Han er cand. philol. med historie hovudfag og arbeider no som frilansjournalist og forfattar. Han har tidlegare m.a. vore stipendiat ved Bergens Sjøfartsmuseum, førsteamanuensis ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule og redaktør i Sogn Dagblad.

Thomas Morel (f. 1988) er frå Nederland og flytta med foreldra sine til Sogn i 2005. Allereie som 16-åring etablerte han si eiga bedrift, TMstudios, og tok oppdrag for familiar, bryllup, konfirmasjon og anna studiofotografi. Han jobbar no på heiltid som sjølvstendig kunstfotograf, og bildene hans er brukt av mellom anna Helly Hansen, Puma, Norges Bakeriene , Maui Theatre, RIMI, NYC Ballet, Hasselblad og Armin van Buuren. Han har også levert utsmykning til diverse hotell og privatkunder.