For skulane: Forfattarbesøk frå Rolf Losnegård og Berit Rødstøl

  • Nynorske litteraturdagar Aurland og Flåm

Tradisjonen tru satsar Nynorske litteraturdagar stort på formidling av god nynorsk litteratur på dei lokale skulane. Og tema i år er Naturleg, med fokus på klima og miljø. Forfattarane som kjem på besøk i år er begge opptekne av miljø og klima, og nyttar dette som tema i bøkene sine.

Berit Rødstøl har skrive boka Frøppeldunk, som er ei eventyrleg forteljing om venskap, campingplassliv og miljøvern. I boka møter me Ea, som kvar somar reiser med mor si til campingplassen Frøppeldunk for å fiska, bada og treffa att sommarvener. Men denne somaren skjer det noko uventa; fargane forsvinn – ein etter ein! Ea og ferievenen Lars må finna ut kva som har skjedd – og då helst før alle fargane forsvinn og verda blir heilt grå.

Dei eldste elevane frå 4.-7. klasse vil få møta forfattaren Rolf Losnegård. Som liten gut var han skikkeleg redd for vatn – og etter flaumen i Flåm i fjor reknar han med at mange ungar i Aurland og Flåm har gjort seg tankar kring at vatn kan vera både trugande og farleg.

Så kva gjer ein om ein er livredd vatn? Og om ein var ein isbjørnunge med vatnskrekk – kva då? I boka Frese-sky-flyet møter me ein isbjørnunge som er livredd vatn og ein oppfinnar som lagar eit fly som fresar bort skyene slik at isen smeltar og havet stig. Til slutt har ikkje isbjørnungen eit einaste isflak att å stå på!

Losnegård hadde sjølv vatnskrekk då han var liten, og har difor skrive forteljinga om isbjørnungen Burrr. Ei litt spinnvill og på same tid alvorleg forteljing.

Nynorske litteraturdagar ser fram til møtet mellom elevane og forfattarane Rødstøl og Losnegård. Føremålet er at bøkene, tematikken og samtalane skal setja i gang tankane og undringa – og at elevane vil sitja att med ny kunnskap og nye perspektiv når det gjeld nynorsk litteratur, klima og miljøvern.