Back to All Events

Foredrag om Mary Shelley

oystein_vidnes_c_simone_stibbe.jpg

I 2018 er det 200 år sidan verdas første science fiction-roman blei skriven, av den 18 år gamle Mary Shelley. Kven var ho eigentleg, og korleis var det mogleg for ei ung jente på 1800-talet å skrive eit så banebrytande verk at vi framleis ikkje er ferdige med å forstå det?

I dette kåseriet følgjer Øystein Vidnes fotspora til Frankenstein heilt tilbake til tida før forfattaren vart fødd. I lag med ektemannen Percy var Mary Shelley ein ung, romantisk opprørarar i ei konservativ tid, men i motsetnad til opprørske tenåringar flest kunne ho ha foreldra som førebilete: Mary Wollstonecraft og William Godwin var begge radikale, revolusjonære filosofar som ville endre framtida. Noreg har òg ei viktig rolle i denne historia: Om ikkje Mary Wollstonecraft tilfeldigvis hadde reist til Noreg i 1796, på jakt etter eit skip lasta med sølv, og om ho ikkje hadde skrive ei fantastisk bok om det, så ville Frankenstein aldri ha blitt til!