Back to All Events

Programendring! Nynorske klassikarar med SKALD forlag og Jan H. Landro

  • Fretheimsalen Fretheim hotel Flåm (map)

Gunnhild Øyehaug må diverre melda avbod grunna sjukdom, og me kan ikkje anna enn beklaga på det sterkaste til dei som har gledd seg til å treffa Øyehaug.

Øystein Vidnes

Øystein Vidnes

 

Me kan heldigvis informera om at programposten blir erstatta av fantastiske folk frå SKALD forlag si satsing på Nynorske klassikarar. SKALD forlag har i haust lansert si første omsetjing av klassikarar frå verdslitteraturen til nynorsk. Jon Fosse har omsett Forvandlinga av Franz Kafka, i tillegg til andre forteljingar Fosse tykkjer spesielt godt om. Neste ut i serien er Mary Shelley si bok Frankenstein, sett til nynorsk av Øystein Vidnes. Publikum vil få ein eksklusiv første smakebit frå denne boka - før alle andre! 

Me får i tillegg møta forlagssjef Simone Stibbe i denne samtalen med Øystein Vidnes og Jan H. Landro. 

Simone Stibbe

Simone Stibbe

Lanseringa av den første boka i serien fekk stor og fortent merksemd på grunn av omsetjingsarbeidet til Fosse, men også på grunn metoden dei valde å lansera boka - med opplesing minutt for minutt, direktesendt på nettet.

Dette kan festivalpublikummet få sjansen til å gjenoppleva ved å ta turen innom festivalbokhandelen vår i løpet av helga. Direktesendinga ligg på ein pc med høyreklokker til, der de kan oppleva Jon Fosse si høgtlesing. I tillegg får de oppleva folkelesnaden av resten av forteljinga - også dette direkteoverført på nett.