PROGRAMENDRING: Jan H. Landro presenterer biografien om målaren Bernt Tunold

  • Fretheimsalen Fretheim hotel Flåm

Kjartan Fløgstad må diverre melda avbod til årets arrangement, og sjølv om det alltid er trist å måtta avlysa annonserte programpostar, så er det ei glede å informera om at tidlegare kulturredaktør i BT og vår eminente bokbadar Jan H. Landro har takka ja til å steppa inn. 

Jan H. Landro

Jan H. Landro

Bernt Tunold: Frå Mundal i Fjærland (1932)

Bernt Tunold: Frå Mundal i Fjærland (1932)

Landro er aktuell med ein biografi om målaren Bernt Tunold (1877-1946) frå Selje og vil fortelja om hans liv og kunst. Tunold var samstundes med Astrup og kom litt urettferdig i skuggen av han. Tunold har nærast kartlagt Vestlandet gjennom kunsten sin. År etter år var han på målarferd, frå Sunnmøre i nord til indre Ryfylke i sør, men framfor alt oppheldt han seg i Sogn og Fjordane, sjølv om han i fleire tiår hadde Bergen som bustedadresse. Boka er i produksjon frå Selja Forlag i desse dagar og skal lanserast 8. november i år. Festivalpublikumet får altså ein første og såleis eksklusiv presentasjon av dette bokprosjektet. 

Jan H. Landro blir elles å treffa på festivalen vår i samtale med Gunnhild Øyehaug og Lars Amund Vaage.