Back to All Events

Litterær speed-dating med SKALD forlag

  • Fretheim hotel Hovudinngangen Flåm (map)

Har du ein forfattar i magen? Eller kanskje du har ein god idè og kjenner ei stadig sterkare skrivekløe? No kan du prøve ideane dine på ein ekte forlagsredaktør!

Under  Nynorske litteraturdagar i år får du nemleg sjansen til å gå på speed-dating med forlagssjef Simone Stibbe i SKALD – og kanskje er det akkurat din bokidè som tenner gneister hjå det lokale forlaget på Leikanger.

– Men det er ikkje berre forfattarspirer me ser etter, presiserer Stibbe. Både omsetjarar, designarar, fotografar og illustratørar er hjarteleg velkomne til ein kjapp prat med oss!

SKALD forlag vil ta i mot folk fortløpande mellom kl 11 og 12:30, i resepsjonsområdet til Fretheim hotel i Flåm.

Så har du ein god idè, eller eit eller anna kreativt prosjekt som ligg og ulmar, fyll ut skjemaet og ta det med deg på festivalen. Det kjem også til å liggja skjema på sekretariatet vårt under Nynorske litteraturdagar.

Last ned skjemaet her: Litterær speed-dating

Earlier Event: October 22
Tor Jonsson Orkester med Aasmund Nordstoga
Later Event: October 23
Danseførestilling: Inkonsekvent