Back to All Events

Poesitoget

Foto: aurlandphotogaphy 

Foto: aurlandphotogaphy 

Bli med på hausten si vakraste oppleving! Me tek Flåmsbana opp til Vatnahalsen - ei vakker oppleving. Men denne eine dagen -  denne eine gongen - er den vanlege informasjonen du høyrer i vognene bytt ut med kjende stemmer frå bygda. Poesi og dikt, segner og forteljingar er lese inn av små og store aurlendingar. Desse er så sette saman med musikk, og vil gje deg ein ny dimensjon på reisa oppover Flåmsdalen, til Vatnahalsen.

Flåmsbana er kjend over heile verda. Den knyter oss saman med eit større nett, der skinnene er trådar som kan føre oss vidare ut i verda, og som fører verda til oss. Me som bur her har og eit forhold til denne togstrekninga på eit eller anna vis. Dette prosjektet ynskjer å setje folk som bur her i samanheng med denne tråden ut i verda. Kva skjer med opplevinga om den vanlege informasjonen som du høyrer blir bytt ut med poesi?

Poesikonsert "Kvervel"

Oppe på Vatnahalsen ventar ei ny oppleving: der kan de nyta ein konsert med Karl Seglem på erverdige Vatnahalsen hotell. Dette er ein poesikonsert som har namnet "Kvervel". Seglem er aktuell med ny diktsamling og vil gje oss smakebitar frå den og  frå tidlegare utgivne dikt.

Karl Seglem sine ord og tonar vil fylgje deg ned til perrongen og returen til Flåm kl 1800.

Earlier Event: October 28
Familiekonsert!
Later Event: October 28
Bob Dylan på nynorsk!