Back to All Events

ROSE - Fliflet med Robert Burns på nynorsk

  • Fretheimsalen Fretheim hotel Flåm (map)

ROSE: Anders Røine, Gabriel Fliflet og Kirsten Bråten Berg. FOTO: Vidar Herre

I konserten Rose møter du tre av våre beste folkemusikarar, med songar av Robert Burns til ny, melodiøs musikk av Gabriel Fliflet.

Kirsten Bråten Berg – song, munnharpe, egg, Anders Røine – langeleik, gitar, fele, munnharpe, song og Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, song.

FOTOKJELDE: Wikipedia

Robert Burns levde på slutten av 1700-talet, men er framleis ein av dei mest elska songpoetane i verda. No har den fargerike musikaren og musikkmakaren Gabriel Fliflet dikta heilt nye tonar til mange av Burns sine songar, i fabelaktig omsetjing til norsk av Johannes Gjerdåker.

Det nykomponerte verket til Fliflet har fått namnet Rose etter A Red, Red Rose – den mest kjende songen til Burns ved sida av Auld Lang Syne. Rose er eit tingingsverk til Vossajazz 2016. Med utgangspunkt i danserytmar som gangar, vals, springar og reinlendar vil grunntonen kvila i norske tradisjonar. Klangar og tonesprang frå fjernare himmelstrøk vil nok likevel òg trenga seg på. 

Det er duka for eit skikkeleg stjernemøte i Fretheimsalen denne kvelden - med musikarar av ypparse klasse!

Meir info finn du på Gabriel Fliflet si heimeside.