Back to All Events

SIGD - ein poetisk konsert! Ruth Lillegraven og Benedicte Maurseth

Foto:Paal Audestad

Foto:Paal Audestad

Det er ei glede å fortelje at to strålande flotte damer skal avslutte Nynorske litteraturdagar 2017! Ruth Lillegraven og Benedicte Maurseth kjem til oss med SIGD - ein poetisk konsert.

Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om ikkje lenger å kunne vere den ein skulle vere og måtte finne meining i livet slik det vart, om ei tid som ikkje finst meir, og om alt som er likt, til alle tider. Om mennesket i naturen og naturen i mennesket, om å lese, lære og leve, om å vere i ro og å reise. Men dette er også kjærleikshistoria om Endre og Abelone – dei som må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

Benedicte Maurseth (hardingfele og vokal) og Ruth Lillegraven (opplesing)

Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord i Hardanger, er hardingfelespelar. Ho har turnert mykje både i Noreg og internasjonalt. Maurseth har også fleire CD-utgjevingar bak seg og har gitt ut boka Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho har gitt ut tre diktsamlingar, ein roman og fleire småbarnsbøker. For diktsamlinga Urd (2013) vann ho Brageprisen og Bokbloggarprisen det året.

Earlier Event: October 29
Litterær speed-dating med SKALD forlag!