Back to All Events

Sigrid Moldestad - konsert med nynorske salmar

  • Vangen kyrkje Aurlandsvangen Aurland (map)
Sigrid Moldestad. FOTO: Magnus Skrede

Sigrid Moldestad. FOTO: Magnus Skrede

Sigrid Moldestad tek med seg fantastiske musikarar til Vangen kyrkje søndag 23. oktober, for å framføra konserten "Sova under englevakt i stova".

Med seg har ho Sigbjørn Apeland på trøorgel, Kåre Opheim på trommer og BJ Cole på pedalsteel. Og når ein toppar dette med Vangen kyrkje i Aurland som arena, så er ein garantert ei fantastisk oppleving!

Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk og tradisjonsmusikk. Ho kjem frå Breim i Nordfjord og har beina trygt planta i strøkets friske og utadvendte folkemusikk. Gjennom sine fem soloplater har hun skapt eit eige uttrykk der ho blandar tradisjon med eigne låtar og tekster på nynorsk. Med eit sterkt forteljarhjarte har ho ei eiga evne til å røra publikum anten det er i leikfull kraft eller melankoli og vakre sjølvskrivne viser og tekster. 

Med konserten “Sova under englevakt i stova” siterer folkartisten Moldestad ein av sine favorittsalmar. Denne og fleire til skal fylle eit særmerkt konsertprosjekt der dei nynorske tekstane står i fokus. 

Å synge salmane på nynorsk var ganske revolusjonært og til og med ulovleg i si tid. Landsmål som kyrkjemål vart først godkjent i 1892 og den første nynorske salmeboka kom i 1925.

Sigrid Moldestad og musikarane lovar ein nær og annleis konsert med nynorske ord frå fantastiske salmediktarar som t.d Elias Blix, kanskje den største salmediktaren av dei alle. Kledd i folketonedrakt, melodiar slik ein kjenner dei og nye melodiar.

For meir informasjon om Sigrid Moldestad, sjå her.  

NB! Me tek førehald om endring i tida for denne konserten - den kan bli flytta til litt seinare på dagen. Informasjon om dette vil i så fall koma raskt!

 

Earlier Event: October 23
Elena Ferrante-bøkene på nynorsk
Later Event: October 26
Bokslepp på Skaldegard