Back to All Events

Tidlaust landskap - Karl Seglem, Jorunn Barane og Jonas H. Sjøvaag

  • Vision of The Fjords Nærøyfjorden (map)
Karl Seglem.

Karl Seglem.

Tidlaust landskap er ei framsyning, ein konsert, ei reise. Hybrid. Ordlaus lyd som bølgjar i samklang med røyster som i eine augneblinken fortel høgt og manande og som i den neste kviskrar poesi. Lyd og ord, bilder som smeltar saman i den som lyttar og vonaleg kan opna opp til noko nytt i kvar og ein. Vi må våga å gå inn i eit meir mytifisert landskap i oss sjølve, og samstundes la oss bli påvirka av den ur-krafta naturen er. Finna og formidle den poetiske krafta i oss sjølve og i naturen. Musikken, klangen, blir enkel og basert på lyden av horn/bein og trommer/skinn, kobla mot og utvikla gjennom bruk av elektronikk.

Jorunn Barane.

Jorunn Barane.

Dei tekstlege utgangspunkta er norrøne forteljingar, huldresegn og eigen poesi. Vi vil at det skal vera nært og ekte, men samstundes vil det peika utover, framover, både lyd og innhaldsmessig. Ikkje alt skal eller kan forståast eller forklarast. At urframføringa skjer på eit hypermoderne nyvinnande framkomstmiddel i eit ur-gammalt landskap, er eit paradoks som inspirerer oss. Konserten, framsyninga, reisen er også hybrid. Det kjem også til å vera opne improviserte sekvensar der naturen sjølv kan bli medspelar. Kven veit ? Munnleg forteljar-tradisjon treng eit intimt rom, eit samspel både med tilhøyrarane og omgjevnadane. I dette tilfelle ein moderne "ferjesalong" på mektige Nærøyfjorden. Vi gler oss til å ta lyttarar i alle aldrar med på denne reisa i tidlaust landskap.

Jorunn Barane, røyst

Karl Seglem, bukkehorn, t.sax, røyst, poesi, elektronikk

Jonas Howden Sjøvaag, håndtromme, røyst, elektronikk

Det blir sett opp buss frå Flåm til Gudvangen kl 1630, 1645 og 17 for dei som skal bli med på båtturen som går frå Gudvangen kl 1730.