Livstrådar 

livstrådar1.jpg
 
 

Begrepet livstrådar femner om alt i livet vårt – latter og glede, gråt og sorg. Me veit ikkje alltid kor lang livstråden vår er, eller kor mange knutar den vil få og som me må prøve å løyse, eller kor intrikat mønster me må veve oss fram til i samspel med andre.

Det er eit gamalt bilete det å samanlikne livet, livsløpet, skjebnen om du vil – med trådar. Det kan vere frå norrøn mytologi, der nornene sit og spinn tråden som symboliserer livet ditt, og du er prisgjeven kor lang dei spinn akkurat din tråd. Det er og brukt som bilete på at liva våre er vevde saman, som i eit teppe. Alle dei ulike trådane utgjer eit heilt bilete.

Me brukar tråden i daglegtalen også. Når me snakkar om nokon som ikkje er heilt einige, så seier me gjerne at det er ”knute på tråden”.  Eller sladder om nokon som lyg, at dei ”spinn seg inn i eit nett av løgner”. Andre gonger er det eit bilete på noko uklart som må løysast opp i – då skal ein ”nøste opp tråden”.

Nynorske litteraturdagar vil i år by dykk ein rikhaldig meny av livstrådar. Nokre er sprelske og lystige, andre meir melankolske. Somme vil reflektere over livsløp som fekk nokre knutar eller vart farleg  tynnslitne ei stund. Alle vil gje dykk som publikum eit bit av sin eigen livsvev – akkurat so langt som tråden har nådd til no.

Den raude tråden i årets festival er livet. Me vonar du vil vere med oss denne siste helga i oktober. Kom og nyt ord, tonar og gode menneske – velkomen!