Tusen takk!

Glimt frå festivalhelga 19-21.oktober 2018

Glimt frå festivalhelga 19-21.oktober 2018

Nynorske litteraturdagar 2018 er over. Tema i år var “IVARETAKING”, og det spegla seg i alle dei 20 arrangementa som gjekk føre seg denne helga.

Me vil gjerne få takka alle dei flotte aktørane våre som kom og delte helga med oss. De gav oss latter, ettertanke, gåsehud og glimt i auga!

Takk til ungdomane som møtte ordførarane sine til ordskifte, og til ordførarane som var så positive til å vere med. Takk til publikum som kom og tusen takk til alle dei frivillige som gjer ei slik helg mogleg. Takk til alle støttespelarar. Takk til Fretheim hotell for framifrå samarbeid.

Me gledar oss allereie til neste år - og vonar me ser dykk igjen då!

Urframføring "Verdsarv"

Verdsarv -Karl Seglem.jpg

Karl Seglem vidareutviklar det tonale, musikalske og poetiske språket sitt med ei ny akustisk besetning og med nykomponert musikk og tekst.

Vevd inn i det nye verket Verdsarv er tekstar og klangar frå det norrøne. Som ein raud tråd ligg forteljinga, tekstbrokker frå mytane om Balders draumar og Balders død. Vi høyrer også poesi frå den nye diktsamlinga Kvervel, og setningar henta frå nyhende-media som omtalar fakta om klima og miljø-situasjonen på kloden. Musikalske byggesteinar for nyskaping er først og fremst ulike bukkehorn, men også klang av eldre strengeinstrument som harpe, lyre, langeleik og fram til hardingfele, bratsj, barokkbass, trommer og tangentinstrument.
Det heile blir ei nokså meditativ og kanskje tankjevekkande reise - ved breidden av eit av dei under verda har arva: Sognefjorden.

Tema 2018: Ivaretaking

NL-2018-bakgrunn.png

KVA TEK DU VARE PÅ?

Ivaretaking er aktuelt som begrep i så mange ulike delar av eit menneskeliv .  Me blir bedne om å ta vare på så mangt: Ta vare på miljøet, naturen, ta vare på familien, ta vare på vener, ta vare på deg sjølv, ta vare på minne!  

Me skal ivareta kultur og tradisjon – historia vår. Kven avgjer kva som skal ivaretakast og kven som skal ivareta? Kven tek desse vala? Korleis prioriterer me? Kven set ”verdien”?  Kven tek vare på deg? Kva tek du vare på?

I år ynskjer me å ha fokus på dei vala som blir retningsskapande for framtida vår. Korleis finn me den beste vegen?

 Me inviterer deg til tre dagar fylte med  bøker, musikk og engasjerte menneske som alle har tankar om dette tema. Me inviterer til ordskifte mellom ungdom og politikarar  – til poesiyoga og pop-up konsert – til skumle soger i haustskymda – til gode bøker og god musikk - til god stemning og gode opplevingar – me vonar du vil vere med!

Hjarteleg velkomen til Nynorske Litteraturdagar 19-21.oktober 2018!

 

 

Poesitog og Karl Seglem!

Flåmsbana er kjend over heile verda. Den knyter oss saman med eit større nett, der skinnene er trådar som kan føre oss vidare ut i verda, og som fører verda til oss. Me som bur her har og eit forhold til denne togstrekninga på eit eller anna vis. Dette prosjektet ynskjer å setje folk som bur her i samanheng med denne tråden ut i verda. Kva skjer med opplevinga om den vanlege informasjonen som du høyrer blir bytt ut med poesi?

Me tek Flåmsbana opp til Vatnahalsen - ei vakker oppleving. Men denne eine dagen -  denne eine gongen - er den vanlege informasjonen du høyrer i vognene bytt ut med kjende stemmer frå bygda. Poesi og dikt, segner og forteljingar er lese inn av små og store aurlendingar. Desse er så sette saman med musikk, og vil gje deg ein ny dimensjon på reisa oppover Flåmsdalen, til Vatnahalsen.

Poesikonsert "Kvervel"

Oppe på Vatnahalsen ventar ei ny oppleving: der kan de nyta ein konsert med Karl Seglem på erverdige Vatnahalsen hotell. Dette er ein poesikonsert som har namnet "Kvervel". Saman med musikar Lars Jakob Rudjord inviterer han til ei eksklusiv oppleving - bli med!

Karl Seglem sine ord og tonar vil fylgje deg ned til perrongen og returen til Flåm kl 1800.

Du får alt dette - både togtur og konsert (!) ved å kjøpe billett her:

https://nynorskelitteratur.ticketco.no/nb/e/poesitoget 

Billett (vaksen) kr 200,-

billett (barn under 15 år) kr 50,-

SIGD - ein poetisk konsert!

lillegraven-maurseth.jpg

Ruth Lillegraven har skrive poesi for både små og store. Ho har hausta mange lovord for tekstane sine, og me er å heldige at ho og Benedicte Maurseth vil avslutte årets festival med ein vakker poesikonsert!

Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om ikkje lenger å kunne vere den ein skulle vere og måtte finne meining i livet slik det vart, om ei tid som ikkje finst meir, og om alt som er likt, til alle tider. Om mennesket i naturen og naturen i mennesket, om å lese, lære og leve, om å vere i ro og å reise. Men dette er også kjærleikshistoria om Endre og Abelone – dei som må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord i Hardanger, er hardingfelespelar. Ho har turnert mykje både i Noreg og internasjonalt. Maurseth har også fleire CD-utgjevingar bak seg og har gitt ut boka Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho har gitt ut tre diktsamlingar, ein roman og fleire småbarnsbøker. For diktsamlinga Urd (2013) vann ho Brageprisen og Bokbloggarprisen det året.

Søndag 29.oktober kl 13.00 på Fretheim hotell i Flåm

Billett kr 200,- kan du kjøpe her:

https://nynorskelitteratur.ticketco.no/nb/e/sigd__ein_poetisk_konsert_med_ruth_lillegraven_og_benedicte_maurseth 

Konsert med Kai Martin Brekke!

kaimartinbrekke.jpg

 I desember 2016 platedebuterte han med albumet «Tid». Det er ei variert og stemningsfull plate i sjangeren melodiøs visepop, med innslag av rock og blues. Tekstane på nynorsk og sognamaol handlar om levd liv og draumar. Litt alvor, men mest skråblikk med glimt i auga.

 Etter gode tilbakemeldingar er Kai Martin, saman med gitarist og musikkansvarleg Tor Talle, klar til å gje musikkglade sogningar og andre ei lun og spennande konsertoppleving.

Fredag 27.oktober kl 20.30  

billett kr 200,- kan du kjøpe på :

https://nynorskelitteratur.ticketco.no/nb/e/konsert_med_kai_martin_brekke_og_tor_talle 

 

Barneprogram!

Om du ikkje har barnevakt og har lyst til å vere på bokbad, så har me ordna det! Elevar frå valfaggruppa ”Omsorg for andre” vil saman med to vaksne passe på at ungane har det kjekt på forteljarstund, figurteater og konsert medan du kan oppleve nære møte med flotte forfattarar.

Laurdag 28.oktober kan familien kome på Fretheim hotell, ungane kan bli med vertane inn til forteljarstund med Jorunn Barane. Ho vil starte barneprogrammet kl 11.00.

Etter ei magisk stund med forteljingar frå Jorunn blir det ein kort liten omrigg, og så er det dokketeater som står på programmet. Adele Duus og Monika Solheim er to dyktige damer som i fleire år har laga ulike forestillingar for barn og unge. No er dei her med ei figurteaterforestilling som er basert på boka ”Himmelspringaren” av Sissel Horndal.

Til slutt kan me by på ei felles oppleving for store og små. Bandet ”Månevenn” frå Jølster har sett saman ein flott familiekonsert, og me ynskjer alle velkomne til å synge med!

Pris pr forestilling:kr 50,-     Pris for alle tre forestillingane: kr 100,-       Vaksne: gratis!

Hjarteleg velkomen til Nynorske litteraturdagar 2017!