Tusen takk!

 Glimt frå festivalhelga 19-21.oktober 2018

Glimt frå festivalhelga 19-21.oktober 2018

Nynorske litteraturdagar 2018 er over. Tema i år var “IVARETAKING”, og det spegla seg i alle dei 20 arrangementa som gjekk føre seg denne helga.

Me vil gjerne få takka alle dei flotte aktørane våre som kom og delte helga med oss. De gav oss latter, ettertanke, gåsehud og glimt i auga!

Takk til ungdomane som møtte ordførarane sine til ordskifte, og til ordførarane som var så positive til å vere med. Takk til publikum som kom og tusen takk til alle dei frivillige som gjer ei slik helg mogleg. Takk til alle støttespelarar. Takk til Fretheim hotell for framifrå samarbeid.

Me gledar oss allereie til neste år - og vonar me ser dykk igjen då!

Urframføring "Verdsarv"

Verdsarv -Karl Seglem.jpg

Karl Seglem vidareutviklar det tonale, musikalske og poetiske språket sitt med ei ny akustisk besetning og med nykomponert musikk og tekst.

Vevd inn i det nye verket Verdsarv er tekstar og klangar frå det norrøne. Som ein raud tråd ligg forteljinga, tekstbrokker frå mytane om Balders draumar og Balders død. Vi høyrer også poesi frå den nye diktsamlinga Kvervel, og setningar henta frå nyhende-media som omtalar fakta om klima og miljø-situasjonen på kloden. Musikalske byggesteinar for nyskaping er først og fremst ulike bukkehorn, men også klang av eldre strengeinstrument som harpe, lyre, langeleik og fram til hardingfele, bratsj, barokkbass, trommer og tangentinstrument.
Det heile blir ei nokså meditativ og kanskje tankjevekkande reise - ved breidden av eit av dei under verda har arva: Sognefjorden.

Tema 2018: Ivaretaking

NL-2018-bakgrunn.png

KVA TEK DU VARE PÅ?

Ivaretaking er aktuelt som begrep i så mange ulike delar av eit menneskeliv .  Me blir bedne om å ta vare på så mangt: Ta vare på miljøet, naturen, ta vare på familien, ta vare på vener, ta vare på deg sjølv, ta vare på minne!  

Me skal ivareta kultur og tradisjon – historia vår. Kven avgjer kva som skal ivaretakast og kven som skal ivareta? Kven tek desse vala? Korleis prioriterer me? Kven set ”verdien”?  Kven tek vare på deg? Kva tek du vare på?

I år ynskjer me å ha fokus på dei vala som blir retningsskapande for framtida vår. Korleis finn me den beste vegen?

 Me inviterer deg til tre dagar fylte med  bøker, musikk og engasjerte menneske som alle har tankar om dette tema. Me inviterer til ordskifte mellom ungdom og politikarar  – til poesiyoga og pop-up konsert – til skumle soger i haustskymda – til gode bøker og god musikk - til god stemning og gode opplevingar – me vonar du vil vere med!

Hjarteleg velkomen til Nynorske Litteraturdagar 19-21.oktober 2018!