Erlend Ropstad med band
okt.
22.
10:00 p.m.22:00

Erlend Ropstad med band

Erlend Ropstad har blitt møtt med stormande jubel og strålande kritikkar for praktisk talt alt han har vore borti dei siste åra. Det har gått gjetord om dei energiske konsertane hans på festivalar og konsertscener, frå Alta i nord til heimbyen Vennesla i sør. Anmeldarar har skildra konsertane hans som saliggjerande, og då pandemien sette ein effektiv stoppar for store forsamlingar, blei det rapportert at Ropstad fort kunne få to hundre menneske til å juble så dei høyrdest ut som to tusen.

Ropstad blei i år nominert til Spellemannspris i kategorien Rock for “Da Himmelen Brant Var Alle Hunder Stille” (2021), som fekk svært gode anmeldingar, i tillegg til å ha høge strøymetal og rikeleg med radiospeling. Ropstad har nyleg fulgt opp suksessen frå i fjor, og lovorda frå musikkpressa om hans rykande ferske album “Gleden & Sorgen” har vore soleklare – Ropstad har det aller sterkaste uttrykket i norsk rock for tida, ein markant signaturlyd. Gleden &Sorgen fekk terningkast 6 fra NRK Sørlandet, og 5 frå blant andre Dagbladet, Dagsavisen, Klassekampen og Stavanger Aftenblad.

Ropstad si reflekterande og trygge personlegheit, i kombinasjon med kompromisslaus låtskriving i den høge og tunge delen av rocken, gjer at han stadig blir omtalt som ein av dei fremste eksponentane av norsk rock.

Me ser frem til å huse Erlend Ropstad med band, det rykande ferske albumet og resten av den utømmelege katalogen hans på Laurdag 22. oktober på Fretheim hotell.

Utvalgte anmeldelser: Gleden & Sorgen (2022):

Dagbladet 5/6

«Erlend Ropstad har det kanskje aller sterkeste personlige uttrykket i norsk rock for tida, en markant signaturlyd»

Dagsavisen 5/6

«Han er blitt en av de beste»

Stavanger Aftenblad 5/6

«Ropstad fortsetter å reise sin lange rygg over landet. Med et lite smil bak skjegget»

Klassekampen 5/5

«Norskspråklig rock på sitt beste – bølgende, brennende og til dels brutalt biografisk»

Musikknyheter 7/10

«De som ikke allerede har fått øynene opp for en av de beste norske artistene gjennom tidene, bør sannelig gjøre det nå»

Disharmoni 5/6

«Dans inn i natta med Erlend Ropstads nye mesterverk»

NRK Sørlandet 6/6 https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-soerlandet/DKSL02008222

Aftenposten 4/6

«Disse låtene viser oss hva artisten er på sitt beste»

Vis arrangement →
Ukulelekonsert med Ragnar Hovland og Finn Tokvam
okt.
22.
8:00 p.m.20:00

Ukulelekonsert med Ragnar Hovland og Finn Tokvam

Ragnar Hovland har spelt ukulele i femti år. I fleire tiår var han nesten åleine om dette, og han er svært glad for at Finn Tokvam har teke opp denne fine tradisjonen. Det blir det ein fin miks av kjende og ukjende songar. Og innimellom kjem Hovland og Tokvam til å samtale om dei Viktige Tinga. Ein skal vere forsiktig med å undervurdere musikaliteten til desse to karane. Det burde vere nok å nemne Hovland sine vellukka innhopp som orgelvikar i Døvekyrkja i Stavanger, og at Tokvam i si tid blei rekna som ein av dei meir lovande aspirantane i Flåm Skulemusikk.

Vis arrangement →
Randi Fuglehaug vert bokbada av Signe Olaug Pedersen
okt.
22.
4:00 p.m.16:00

Randi Fuglehaug vert bokbada av Signe Olaug Pedersen

Randi Fuglehaug, frå Voss, forfattar og journalist, har jobba både i Dagblad og VG. Fuglehaug har skreve sakprosa, skjønnlitteratur for barn og vaksne samt to krimbøker med tema frå Voss – «Fallesjuke» med utgangspunkt i Ekstremsportveka og «Tonedøv» med tema frå Vossajazz. Jobbar som forfattar og frilandsjournalist.

Vis arrangement →
Kåseri med Ingvild Bryn
okt.
22.
2:30 p.m.14:30

Kåseri med Ingvild Bryn

Ingvild Bryn, frå Voss, journalist, tilsett i NRK frå 1984, har jobba som programleiar, og m.a. vore NRK sin korrespondent i Stockholm (1990 – 1992) og i USA (1995 – 1999). Mest kjend som nyhendeanker i NRK. Sit i styret for Mediemållaget og fekk i 2021 Kringkastingssjefens språkpris for å bruke eit enkelt og forståeleg språk i formidlinga av nyhende

Vis arrangement →
Marit Eikemo vert bokbada av Guro Nesse
okt.
22.
1:15 p.m.13:15

Marit Eikemo vert bokbada av Guro Nesse

Marit Eikemo, frå Odda, forfattar av romanar, novelle og essay samt div. jobbar innan norsk kulturliv, m.a. kunstnarisk rådgjevar på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Siste bok er «Team Tuva» og mange kjenner nok til teaterversjonen av boka «Gratis og uforpliktande verdivurdering» vist av teater Vestland sist vinter.

Vis arrangement →
Brynjulf Jung Tjønn vert bokbada av Guro Nesse
okt.
22.
12:00 p.m.12:00

Brynjulf Jung Tjønn vert bokbada av Guro Nesse

Brynjulf Jung Tjønn, frå Feios, forfattar, debuterte i 2002, fekk Bragepris for ungdomsromanen «Så vakker du er» i 2013 – var nominert til Kritikkerprisen for beste barne- og ungdomsbok «Smadra» i 2017 og fekk P2-lytterens litteraturpris i 2021 for «Kvar dag skal vi vere så sterke» - jobbar som forlagsredaktør i Samlaget

Vis arrangement →
Sigrid Moldestad med band
okt.
21.
10:00 p.m.22:00

Sigrid Moldestad med band

Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar. Ho vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv.

Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist. 5 plater har vore i eige namn. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Sigrud held mykje konsertar med både band og mindre besetningar. Ho har motteke 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar.

Sigrid Moldestad gav ut albumet «Vere her» hausten 2017 og fekk strålande platemeldingar landet rundt! Albumet er Sigrid Moldestad sitt 5 album og markerte hennar 10 år som soloartist. Plata fekk mellom anna ei sterk melding i Aftenposten: “No er det på tide at denne artisten blir allemannseie”. Bergens Tidende tok fram bandet: “..kvalitetstungt band som briljerer i all sin måteholdenhet”. I bladet “Viser” skriv meldaren at han “sjeldan har hatt ein klårare femmar i spelaren sin”. Plata fekk terningkast 5 jamt over, både i NRK P1, Bergensavisen, Dagsavisen, Hamar Arbeiderblad med fleire. Plata er produsert av Yngve Leidulf Sætre.

Vis arrangement →
Black Hauge - Erlend Apneseth Trio & Erlend O. Nødtvedt
okt.
21.
7:00 p.m.19:00

Black Hauge - Erlend Apneseth Trio & Erlend O. Nødtvedt

Felles for uttrykka til Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio, er ein leiken og uredd omgang med tradisjonen. Der trioen tek i bruk element frå folkemusikken og for eksempel inkorporerar arkivopptak av stev og lokk i musikken sin, forheld forfattaren seg aktivt til tradisjonen i form av sitat, pastisjer, hyllestar og omskrivningar. Denne dialogen med tidligare verk og uttrykk har sjeldan vore tydelegare enn i samarbeidsprosjektet som tek utgangspunkt i Olav H. Hauge si dikting.

På slutten av 80-tallet las Hauge sjølv inn 99 av sine beste dikt i studio. Dette opptaket utgjer ramma for ein poesikonsert der ein ny generasjon går i dialog med ein av våre ypperste diktarar. Hauge sine eigne innlesinger vert tonsette og improviserte, men også manipulerte. Me møter for eksempel det folkekjære diktet "Det er den draumen" i ein ni minuttar lang versjon, mens andre dikt vert samplet og loopet på ein måte som uttrykkjer Hauge sin særeigne rytmikk og prosodi. Poesikonserten kan fungare både som ein introduksjon og re-aktualisering av Hauge sin poesi, samstundes som den viser korleis ein aktivt kan forhalde seg til eigen kulturarv og gjere den til sin eigen.

Erlend Apneseth Trio har dei siste åra etablert seg som ein av dei mest nyskapande og kreative konstellasjonar her i landet, med sin særeigne blanding av tradisjonsmusikk, jazz og samtidsmusikk. Alle tre utgivelsar har vorte nominert til Spellemannprisen, og dei fekk også Spellemannprisen for «Salika, Molika» (2019). Dette albumet vart også nominert til den prestisjefylte Nordic Music Prize, som ein av årets beste skandinaviske album.

Erlend O. Nødtvedt vart i 2015 kåra til en av Norges 10 mest betydningsfulle forfattere under 35 år av Morgenbladet, og diktsamlinga «Bergens Beskrivelse» kom med på NRK sin store kåring av dei mest betydningsfulle bokutgivelsar i det førre tiåret. Han har gjeve ut fire diktsamlinger, to romanar, blant anna den kritikerrosa "Vestlandet", og fått ei rekke prisar for forfattarskapet sitt, deriblant Bjørnsonstipendet og Premio Ostana.

Vis arrangement →
okt.
24.
12:30 p.m.12:30

Bokpresentasjon Rune Timberlid

runetimberlid.jpg

Jakta på Siskin - Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn

Vinteren 1945 var dramatisk for Milorg-styrken Siskin i Sogn. Ein angivar i Høyanger sette tyskarane på sporet, og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer gjennomførte store rassiaer. Sentrale motstandsfolk vart arresterte og torturerte. Med Gestapo i hælane måtte fenrik Ragnar Ulstein og hans folk i Siskin byta hovudkvarter fleire gonger. Styrken gjekk i dekning i fjella i Indre Sogn. Med livet som innsats hjelpte mange sogningar Siskin. Det kunne kosta dyrt om Gestapo og Siskin hadde hamna i open kamp. I denne boka får du heile historia om Siskin – frå fire Linge-offiserar vart sende til Sogn i oktober 1944 til styrken overtok kontrollen i mange bygder i mai 1945.

Rune Timberlid (f. 1950) er frå Sogndal. Han har jobba som journalist, redaktør og med kommunikasjon. Timberlid har tidlegare skrive ni kriminalromanar og fleire sakprosabøker.

Vis arrangement →
okt.
24.
11:00 a.m.11:00

Bokpresentasjon Noralv Distad

noralvdistad.jpg

Lokalhistorie har vore eit felt han alltid har vore oppteken av. Som mangeåring reiselivssjef og aktiv turgåar kjenner han Aurland og områda rundt betre enn dei fleste. Barndomsbygda Fjærland kjenner han også som si eiga bukselomme. Trudde han. Det var før han byrja å leita etter ein mykje løynd del av bygda sin historie.

Krigshistore er spennande og det er alltid nye forteljingar å løfte fram Det har Noralv gjort i denne boka der han fortel om “Fjærlendingar i krig”.

Vis arrangement →
okt.
23.
til 24. okt.

Konsert med Stein Torleif Bjella

  • Nynorske litteraturdagar (kart)
  • Google Calendar ICS
Foto: Therese C. Wangberg

Foto: Therese C. Wangberg

Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten Heidersmenn i 2009. Me har sidan fått vere med på ei reise gjennom eit musikalsk landskap fullt av motbakkar og store djup, overhengande melankoli og underliggjande komikk.

Han har ei fantastisk evne til å beskrive livet og me må både le og gråte i møte med denne  karen frå Ål, med det fandenivoldske skråblikket på livet. Me gler oss til å dele denne konserten med deg på laurdagskvelden!

Vis arrangement →
okt.
23.
9:30 p.m.21:30

Konsert med Haakon Skjerdal

haakonskjerdal.jpg

Haakon Skjerdal er glad i countrymusikk. Han er også glad i nynorsk. Mange vakre låtar har han gleda seg over gjennom livet, og nokre av desse har han no laga nynorske tekstar til.

I snart ein mannsalder har musikkgleda vore noko denne karen har delt raust med andre. Song og gitar er nokre av kjennemerka hans.

Velkomen til ein flott konsert med Haakon, som kanskje også har med seg ein gjest på scena!

Vis arrangement →
okt.
23.
7:00 p.m.19:00

Jubileumsmiddag

feststart.jpg

Bli med og feir saman med oss! Det er skikkeleg stas at Aurland kommune i 15 år har arrangert litteraturdagar med stolt framsnakk av nynorsk og dialektar og flotte aktørar på scena. Mange gode krefter har arbeidd saman for å skape ei slik sprudlande helg kvar haust. Me feirar med ein herleg middag, godt selskap og med underhaldning mellom munnfullane - me gledar oss!

NB! Du bestiller festmiddagen direkte hjå Fretheim hotell.

Vis arrangement →
okt.
23.
2:00 p.m.14:00

Debatt!

SUNNFJORD-2020-05-05-kl.-18.24.47-400x400.png

“Vel er me alle sunnfjordingar for Vår Herre, men må me snakke førdiansk for det?”

Mange meiner å sjå ei utflating av dialektane i Sogn og Fjordane og er uroa for det. Somme hevdar derimot at me ikkje må vera for opptekne av å halda på alt i dei opphavlege dialektane i bygdene. Andre er uroa over at så få brukar eit nynorsk normaltalemål, og at nynorskelevane slik får lite støtte for skriftspråket sitt.

Me har fått fire språkglade samfunnsdebattantar til å seia noko om sitt forhold til dialekten sin og til desse spørsmåla:

Redaktør Arve Uglum

Nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre

Tone Merete Lillesvangstu, mangeårig NRK-journalist

Professor Øystein Vangsnes

Leiar for debatten er Jan Olav Fretland

Vis arrangement →
okt.
23.
1:00 p.m.13:00

Foredrag ved Øystein Vangsnes

øystein-vangsnes.jpg

Nynorskelevars språksjonglering

Nynorskelevane meistrar både bokmål og nynorsk, og i tillegg skriv dei på dialekt i sosiale medium og andre private samanhengar. Ein kan såleis seia at dei sjonglerer med tre ulike ballar språkleg sett. Ein kan spørja seg: Får alle det godt til? Gir det god trening som kjem godt med i andre samanhengar? Eit større prosjekt finansiert av Forskingsrådet har som mål å finna ut meir om dette, og i føredraget vert ulike sider ved særleg nynorskelevanes språkbruk og språkutvikling lagt fram og drøfta.

Vangsnes er professor ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet og har i mange år interessert seg for og forska på situasjonen for nynorskelevane.

Vis arrangement →
okt.
23.
12:00 p.m.12:00

Kåseri på kulturbåten med Finn Tokvam

finntokvam.jpg

Finn Tokvam kan kunsten å fortelje, å bruke ord som gjer at forteljinga blir levande for oss. Ombord i denne flotte kulturbåten som ligg til kai i Flåm tek han oss med i sine snirklete, underfundige og til tider skarpe observasjonar og tankar kring “bok, båt, folk og fjord - og litt meir mat”.

Vis arrangement →
okt.
23.
11:00 a.m.11:00

Bokpresentasjon Halvor Folgerø

Halvor--Folgeroe.jpeg

”Vestlandsvegar”

I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunellane, til både berykta og berømte vegar. Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast, og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvingar, rygging på stup, kork og kø, livredde turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar. Saman teiknar desse vegane eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet i nær fortid, og dei fortel om ein ufatteleg vilje til å trasse den steile naturen.

Vis arrangement →
okt.
22.
8:30 p.m.20:30

Bokpresentasjon

thumbnail_Gøril med stadnamn.jpg

Gøril Grov Sørdal “Frå Mumletjønn til Gnuldrehei”

Ho har leita seg fram til dei særaste og mest spesielle stadnamna her i landet. Det er ikkje tvil om at det norske folk er særs fantasifulle når dei gjev stadar namn! Gøril kjem frå Vik og har kome med si andre bok. Ho byr på bokpresentasjon og ein aldri så liten utfordring til publikum!

Vis arrangement →
okt.
22.
7:00 p.m.19:00

Åpningsarrangement

vigdis&co.jpg

”Men livet det e’ no da likaste, lell”

Me startar med eit fyrverkeri på scena som verkeleg kan kunsten å få publikum med seg Ho er ein framifrå Sivletolkar og ho har i fleire år gjort tekstane hans kjende i vårt langstrekte land. Vigdis Jordal har med seg to musikarar som klarer å halde same energinivå som ho sjølv.

Ei musikalsk og lyrisk framsyning med tekstar av Per Sivle, tonesett av Jon Sverre Ruder

Med:

Jon Sverre Ruder, song og gitar
Berit Bagøien Moe, piano
Vigdis Jordal, lyrikk og forteljing

Per Sivle (1857-1904), forfattar, lyrikar, journalist og nasjonalskald er ein av våre mest folkekjære diktarar.

Vis arrangement →
okt.
20.
1:00 p.m.13:00

"Vinje - vår mann" Forestilling med Kyrre Eikås Ottersen

Ulf R. Amundsen

Ulf R. Amundsen

I fjor feira Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein litterær konsert- og teaterproduksjon, nemleg «Vinje, vår mann». No får me forestillinga i ei komprimert form - servert på nydeleg vis av Kyrre Eikås Ottersen.

- det blir ei fin og intim stund som handlar om Vinje og nokre av songane hans som er tonesett. Det blir ein biografisk halvtime om Vinje i visestil, fortel Kyrre.

Aasmund Olavsson Vinje var ein mann som stod på og kjempa for korleis samfunnet skulle vere. Han såg på ting som var skeivt i samfunnet og var oppteken av like rettar. Han blei motarbeidd og sett ned på av dei som bestemte, men gav seg ikkje. Han kjempa for nynorsken og for at folk skulle få seg ei utdanning, uansett kva stand ein høyrte til.

Publikum vil mellom anna få høyre dikta «Der du gjekk fyre» og «Ved Rondane», i tillegg til utdrag frå den aller første boka på nynorsk, nemleg «Ferdaminni frå sumaren 1860».

- Det er spennande å lese om ein mann som stod på og kjempa for korleis samfunnet skulle vere. Han var praktisk og hadde tankar om alt i frå korleis ein skulle drive ein gard, til korleis ein skulle behandle dyr. Han såg på ting som var skeivt i samfunnet og var oppteken av like rettar. Han blei motarbeidd og sett ned på av dei som bestemte, men gav seg ikkje. Han kjempa for nynorsken og for at folk skulle få seg ei utdanning, uansett kva stand ein høyrte til. Det er ein fantastisk mann å få lov å formidle tekstane til.

Vis arrangement →
okt.
20.
9:00 a.m.09:00

Poesiyoga

yoga.jpg

Kva med å starte dagen med poesiyoga?

Anne Marie Torheim tek deg med på ein time med YIN YOGA. Dette kan passe for alle - ho kallar det for kvil deg i form-yoga, og du kan kome utan å ha prøvd yoga før. Det er begrensa med plassar. Kun 14 stk!

Du møter i lause, ledige klede, og har med deg ein ekstra gensar og varme sokkar. Resten har Anne Marie som du kan få låne.

Velkomen til ein herleg start på festivaldagen!

Anne Marie Torheim

Vis arrangement →