Oct
21
1:30 PM13:30

Magne Skjæveland - Vinje

magne skjævesland.jpg

Magne Skjævesland er musikar og skodespelar. Han er aktuell med ei forestilling i samband med Vinje-året 2018., og me får møte Vinje i ord og tonar frå boka/reisa "Ferdaminne sumaren 1860".

I 1860 la Aasmund Olavsson Vinje ut på ei reise frå Kristiania til Trondheim for å vere tilstades under kroninga av kong Carl den 15. Han var 42 år, ugift og over gjennomsnittet opptatt av damer. 

Magne Skjævesland byr på gitar og song/kåseri. Han lovar også dramatiserte sekvensar, allsong, hallingkast og danseinnslag!

Hjarteleg velkomen til Vinje-feiring!

View Event →
Oct
21
12:00 PM12:00

Kva gjer ein klassikar?

bilde-SimoneogTorunn.png

Simone Stibbe i samtale med Torunn Todal Laberg. Dei tek føre seg temaet kva som gjer ei forteljing til ein klassikar? Kvifor vil nokre bøker stadig vere aktuelle fleire hundre år etter at dei vart skrivne? Kva er det med desse tema som gjer dei evig levande? Kan me finne nokre felles trekk?

View Event →
Oct
21
11:00 AM11:00

"Klyngetunet"

Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår.

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til Klyngetunet då dei samla stoff frå heile landet til bestselgaren Norges låver. På sin hittil siste reise har dei vitja meir enn tretti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd tida, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk. 

Me gledar oss til å høyre Eva og Oddleiv fortelje om boka!

 

View Event →
Oct
20
6:00 PM18:00

Karl Seglem "Verdsarv"

Verdsarv -Karl Seglem.jpg

Urframføring av verket "VERDSARV".

Med eit stjernelag av dyktige musikarar kjem Karl til oss med heilt ny musikk. Det er stor stas å kunne få invitere til urframføring av "VERDSARV" under Nynorske litteraturdagar!

Karl Seglem, musikk og tekst

Karl Seglem, bukkehorn, tenorsax, stemme

Jorunn Barane, stemme

Håkon Høgemo, hardingfele

Ragnhild Knudsen, bratsj

Stein Villa, harper, langeleik, div.

Lars Jakob Rudjord, tangentinstrument

Roger Morland, bass

Kåre Opheim, trommer

Tba, lyddesign

Tba, lysdesign

View Event →
Oct
20
4:00 PM16:00

Barneprogram: Forteljarsti!

HelenaFarsund.png

Det er litt skummelt...men også litt moro...Kva var den lyden?? Fantasien blir sett i sving og alle sansar tekne i bruk! 

Det blir grøssande god stemning når Helena B. Farsund tek borna med seg ut på vandring denne ettermiddagen. Bli med og finn sogene som ligg løynde i stien bak hotellet... Opplegget passar best for born mellom 8-12 år og tøffe vaksne!

Det kan hende du må ha på deg litt ekstra klede, men når du kjem innatt på hotellet ventar ei varm overrasking!

 

View Event →
Oct
20
3:30 PM15:30

Litterær speed-dating!

simonestibbe.jpg

HAR DU EIN FORFATTAR I MAGEN? ELLER KANSKJE DU HAR EIN GOD IDÈ OG KJENNER EI STADIG STERKARE SKRIVEKLØE? NO KAN DU PRØVE IDEANE DINE PÅ EIN EKTE FORLAGSREDAKTØR!

Under  Nynorske litteraturdagar i år får du nemleg sjansen til å gå på speed-dating med forlagssjef Simone Stibbe i SKALD – og kanskje er det akkurat din bokidè som tenner gneister hjå det lokale forlaget på Leikanger.

– Men det er ikkje berre forfattarspirer me ser etter, presiserer Stibbe. Både omsetjarar, designarar, fotografar og illustratørar er hjarteleg velkomne til ein kjapp prat med oss!

SKALD forlag vil ta i mot folk fortløpande laurdag 20.oktober mellom kl 15.30 og 16.30, på Fretheim hotel i Flåm.

Så har du ein god idè, eller eit eller anna kreativt prosjekt som ligg og ulmar, fyll ut skjemaet og ta det med deg på festivalen. Det kjem også til å liggja skjema på sekretariatet vårt under Nynorske litteraturdagar.

Her er skjema: LITTERÆR SPEED-DATING MED SKALD 

View Event →
Oct
20
3:00 PM15:00

Ordskifte

 Helene. Tirill og Linn representerer Aurland Barne- og ungdomsskule under ORDSKIFTE!

Helene. Tirill og Linn representerer Aurland Barne- og ungdomsskule under ORDSKIFTE!

Me inviterer til eit spanande møte mellom 4 ordførarar og ungdomar frå 4 kommunar! Kva er deira tankar om ivaretaking? Har dei same verdisetjing? Korleis ser framtida ut? har dei same syn? Kva grunnlag på leggast i kommunestyresalane i dag for at ungdomane skal velge å satse på ei framtid i bygda si?

Me ynskjer å få ungdomane i tale om kva dei set høgt – kva dei meiner bør ivaretakast i sine lokalsamfunn. Kva skal til for at dei ser føre seg ei framtid her? Kva må prioriterast – og kvifor?

Unge frå dei fire verdsarvkommunane møter ordførarane til eit ordskifte om kvardagen, framtida og ivaretaking! Jan Geir Solheim frå Lærdal, Olav Turvoll frå Vik, Hans Erik Ringkjøb frå Voss og Noralv Distad frå Aurland.

Elevar frå Lærdalsøyri barne.og ungdomsskule, Flatbygdi skule, Vossestrand barne- og ungdomskule og Aurland barne- og ungdomskule deltek i ordskifte. Ser verda likeeins ut for dei unge verdsarvingane og ordføraren deira?

Kafè-dialog gjev også deg som publikum høve til å kome tett på samtalen og til å bli med i ordskiftet om du vil. Me trur det blir stort engasjement, høg temperatur og friske meiningar!

Du kan få vere med på dette spennande møtet - og det heilt gratis!

View Event →
Oct
20
2:00 PM14:00

Øystein Vidnes "Om Mary Shelley"

oystein_vidnes_c_simone_stibbe.jpg

Foredrag om Mary Shelley 

I 2018 er det 200 år sidan verdas første science fiction-roman blei skriven, av den 18 år gamle Mary Shelley. Kven var ho eigentleg, og korleis var det mogleg for ei ung jente på 1800-talet å skrive eit så banebrytande verk at vi framleis ikkje er ferdige med å forstå det?

I dette kåseriet følgjer Øystein Vidnes fotspora til Frankenstein heilt tilbake til tida før forfattaren vart fødd. I lag med ektemannen Percy var Mary Shelley ein ung, romantisk opprørarar i ei konservativ tid, men i motsetnad til opprørske tenåringar flest kunne ho ha foreldra som førebilete: Mary Wollstonecraft og William Godwin var begge radikale, revolusjonære filosofar som ville endre framtida. Noreg har òg ei viktig rolle i denne historia: Om ikkje Mary Wollstonecraft tilfeldigvis hadde reist til Noreg i 1796, på jakt etter eit skip lasta med sølv, og om ho ikkje hadde skrive ei fantastisk bok om det, så ville Frankenstein aldri ha blitt til!

 

View Event →
Oct
20
1:00 PM13:00

Bokbad : Hilde Myklebust

 Foto: Tove Breistein

Foto: Tove Breistein

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande.  Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Ho er aktuell med diktamlinga  "Kvar ein fugl" og me får eit møte med henne i samtale med Marit Bendz.

"Kvar ein fugl" 

Dikt med djupe røter

Frå ein gard i ein fjelldal spring dikta ut. Dei dreier rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon i ei lekkje som strekkjer seg langt attende i tid. I eit konkret og biletsterkt språk fortel dei om garden som ein stad som ser liv komme og gå. Dei som har levd før, er alltid til stades. I steingardar og bygningar, landskap og marker, i namn og spor, gamle tre og i fuglane som flyg over tunet. Nærleiken til naturen er sterk og tydeleg, og slik blir også det forgjengelege eit bakteppe for alt som hender.

View Event →
Oct
20
12:00 PM12:00

EIN PIRRAR!

karlseglem2.jpg

Bli med på ei unik hending! Det gamle kjølelageret i Aurland er staden å vere - me inviterer til ein pirrar!

Mini-konsert med Karl Seglem som gjev ein smakebit på kva som kjem seinare på kvelden, urframføringa av “Verdsarv”.

Bli med på konsert i det spennande lokalet i 2.etasjen på kjølelageret i Aurland. 

Konserten er gratis - møt opp i god tid, det er begrensa med plassar!

 

View Event →
Oct
20
11:00 AM11:00

Sivle-barnetime med Jens!

Jens_Brekke.jpg

Jens Brekke formidlar  som få andre. Om publikum er born eller vaksne, so vil han ta deg med inn i forteljinga og vise deg ei anna verd. Denne gongen er det Per Sivle han vil dele med borna.

”Berre ein hund” er ein av dei mest omtykte tekstane, og Jens har  i ei barnebok skrive om denne forteljinga. Barneforteljinga ”Han Per” følgjer Sivle frå barndomen i Aurland og på Vossestrand og fram til vaksen alder.   Me gledar oss til Barnetime-stund med Jens!

 

View Event →
Oct
20
10:30 AM10:30

Poesiyoga med Anne Marie Torheim

yoga.jpg

Finn kvild i ditt indre

gjev kroppen din ro

lat tankane sleppe

til diktande ord

bli med på vår yoga

med varme og kvild

lat laurdagen starte

med visdom og smil

Kva med å starte dagen med poesiyoga?

Anne Marie Torheim tek deg med på ein time med YIN YOGA. Dette kan passe for alle - ho kallar det for kvil deg i form-yoga, og du kan kome utan å ha prøvd yoga før. Det er begrensa med plassar. Kun 14 stk!

Du møter i lause, ledige klede, og har med deg ein ekstra gensar og varme sokkar. Resten har Anne Marie som du kan få låne.

Velkomen til ein herleg start på festivaldagen!

View Event →
Oct
19
10:30 PM22:30

Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen

hjørnevikogiversen.jpg

"Ikkje alle gjorde motstand under krigen"

Krig. Store krigar. Små krigar. Krig mellom land og folk. Krig mellom slektningar, ektefellar eller naboar. Personlege krigar, indre krig. Din krig og min krig. Krig opp, krig ned og krig i mente.Diktaren og komikaren Jon Hjørnevik vil ta for seg krigen – berre mykje, mykje kortare enn all annan krigslitteratur.

I si sjuande diktsamling er temaet det folk rundt han har måtta slite med og krige om. Han tek også for seg dei som gir f… og ikkje går i krigen. Vel 50 dikt fordelte på vel 100 sider burde vere meir enn nok.

Velkommen til ein kveld med eit nytt hefte hårreisande dikt i blanda med gamle, lyriske HITS.

PS. For deg som hatar dikt kan kvelden reddast av Iversen sine gitartonar.

 

View Event →
Oct
19
9:00 PM21:00

Verdsmannen Ketil Thorbjørnsen

Ketil Thorbjørnsen2.jpeg

Verdsmannen Thorbjørnsen køyrer intimkonsert på litteraturdagane fredag 19. Oktober!

Han er i desse dagar aktuell med plate nummer 3 og har hausta utallige gode kritikkar på si speleferd! Denne fredagen vil Thorbjørnsen gje ein nedstrippa og intim konsert hjå oss. Artisten er kjend for sterke, nynorske tekstar som treff hjerterota! Verdsmannen vert samanlikna med Stein Torleif bjella, Tommy Tokyo, Kaizers orcestra m.m og vart nominert både til fylkeskulturprisen i fjor, samt NRK sin luttpris for andre gong!! 

Her er det berre å møte opp til ein unik konsert!!!


View Event →
Oct
19
7:30 PM19:30

Gøril Grov Sørdal

Gøril med stadnamn.JPG

"Nomino - historia om norske stadnamn"

Gøril har du kanskje sett på TV i serien Nomino? Der kunne ho fortelje mykje artig om ulike namn. Dette vart ho berre meir og meir interessert i og no har ho skrive bok: "Nomino - historia om norske stadnamn". Ho kjem til nynorske litteraturdagar og fortel om boka, og inviterer deg til quiz om lokale stadnamn!

"For meg blei det naturleg at ei bok om stadnamn skulle handle både om oss, om landet vårt og om historia vår. Våre liv og våre lokalsamfunn er resultata av hendingar i noregshistoria, og stadnamna er eit resultat av vår plass i denne historia. Forfedrane våre var stormenn og flyktningar, kongar og friller, immigrantar og emigrantar, skurkar og heltar, men fyrst og fremst heilt vanlege folk som deg og meg. Stadnamna våre viser kven me er, og kven me ein gong var. Dei er brutalt ærlege og fortel at me både er forfengelege og audmjuke, sta og milde, sårbare og knallharde, kreative og pragmatiske, valdelege og vare. Me er ein rar og fin gjeng." (Gøril Grov Sørdal).

 

View Event →
Oct
19
6:00 PM18:00

Opningsarrangement

NL-2018-opningsarr.png

Me inviterer til opningsarrangement med drypp frå festivalprogrammet og nokre karar som alle kan å fortelje! Jens Brekke og Leif Inge Underdal kjem frå kvar sin kommune, er interesserte i den gode historia og dei kan kunsten å fortelje så latteren tek deg! 

Dette vil du ikkje gå glipp av!

View Event →
Oct
19
12:00 PM12:00

Skuleprogram- Aurland: Boksymfoni "Atrophy in the key of dreaming books"

Atrophy- GMM.jpg

Gisle Martens Meyer har skrive eit verk basert på lyden av kunnskap – bøker, papir, ord, bokstavar, bibliotek. Me er så heldige å få han hit til oss både for elevane i Aurland og elevane i Vik!

Konserten avdekkar eit skjult univers av fantastiske, mikroskopiske lydar, mystiske teksturar, skjeive rytmar og svermar av dansande bokstavar – alt saman lett heimsøkt av eit forsiktig, introvert digitalt spøkelse. Vil spøkelset skremma oss, eller er det berre nysgjerrig? Den musikalske kampen mellom analog og digital informasjon utfaldar seg gjennom ein trolsk audiovisuell performance.

Me gledar oss!

View Event →
Oct
18
12:00 PM12:00

Skuleprogram - Vik: Boksymfoni "Atrophy in the key of dreaming books"

Atrophy-Gisle Martens Meyer.jpg

Gisle Martens Meyer har skrive eit verk basert på lyden av kunnskap – bøker, papir, ord, bokstavar, bibliotek. Me er så heldige å få han hit til oss både for elevane i Aurland og elevane i Vik!

Konserten avdekkar eit skjult univers av fantastiske, mikroskopiske lydar, mystiske teksturar, skjeive rytmar og svermar av dansande bokstavar – alt saman lett heimsøkt av eit forsiktig, introvert digitalt spøkelse. Vil spøkelset skremma oss, eller er det berre nysgjerrig? Den musikalske kampen mellom analog og digital informasjon utfaldar seg gjennom ein trolsk audiovisuell performance.

Me gledar oss!

 

View Event →
Oct
29
1:00 PM13:00

SIGD - ein poetisk konsert! Ruth Lillegraven og Benedicte Maurseth

 Foto:Paal Audestad

Foto:Paal Audestad

Det er ei glede å fortelje at to strålande flotte damer skal avslutte Nynorske litteraturdagar 2017! Ruth Lillegraven og Benedicte Maurseth kjem til oss med SIGD - ein poetisk konsert.

Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om ikkje lenger å kunne vere den ein skulle vere og måtte finne meining i livet slik det vart, om ei tid som ikkje finst meir, og om alt som er likt, til alle tider. Om mennesket i naturen og naturen i mennesket, om å lese, lære og leve, om å vere i ro og å reise. Men dette er også kjærleikshistoria om Endre og Abelone – dei som må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

Benedicte Maurseth (hardingfele og vokal) og Ruth Lillegraven (opplesing)

Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord i Hardanger, er hardingfelespelar. Ho har turnert mykje både i Noreg og internasjonalt. Maurseth har også fleire CD-utgjevingar bak seg og har gitt ut boka Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho har gitt ut tre diktsamlingar, ein roman og fleire småbarnsbøker. For diktsamlinga Urd (2013) vann ho Brageprisen og Bokbloggarprisen det året.

View Event →
Oct
29
12:00 PM12:00

Litterær speed-dating med SKALD forlag!

simonestibbe.jpg

Har du ein forfattar i magen? Eller kanskje du har ein god idè og kjenner ei stadig sterkare skrivekløe? No kan du prøve ideane dine på ein ekte forlagsredaktør!

Under  Nynorske litteraturdagar i år får du nemleg sjansen til å gå på speed-dating med forlagssjef Simone Stibbe i SKALD – og kanskje er det akkurat din bokidè som tenner gneister hjå det lokale forlaget på Leikanger.

– Men det er ikkje berre forfattarspirer me ser etter, presiserer Stibbe. Både omsetjarar, designarar, fotografar og illustratørar er hjarteleg velkomne til ein kjapp prat med oss!

SKALD forlag vil ta i mot folk fortløpande mellom kl 11 og 12:30, på Fretheim hotel i Flåm.

Så har du ein god idè, eller eit eller anna kreativt prosjekt som ligg og ulmar, fyll ut skjemaet og ta det med deg på festivalen. Det kjem også til å liggja skjema på sekretariatet vårt under Nynorske litteraturdagar.

Her er skjema: LITTERÆR SPEED-DATING MED SKALD 

View Event →
Oct
29
to Oct 30

Eva Røyrane om boka "Av stein"

eva-røyrane.jpg

Duoen Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth er i haust aktuell med ny bok. Denne gongen har dei spora byggverk av stein! . Ei fantastisk bok som i ord og bilete fortel om levemåte, slit og tunge tak og om vestlendingane si utnytting av den største ressursen me har – stein!

Eva vil vise bilete ogfortelja om turane, opplevingane og møta dei har hatt i arbeidet med boka - me kan berre glede oss!

 

View Event →
Oct
28
to Oct 29

Månevenn

Månevenn er eit pop-rock band frå Jølster i Sogn og Fjordane. Dei skriv på nynorsk og syng på sunnfjorddialekt. Denne hausten kjem dei med plate nr 2 og me er stolte over at dei kjem på besøk til oss. Tekstar med glimt i auge, med lun humor eller skarp tunge - desse karane har alt!

View Event →
Oct
28
9:30 PM21:30

Bob Dylan på nynorsk!

Rockepoeten Tom Roger Aadland sitt album «Blondt i blondt» (Bob Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta til nynorsk) har fått ei strålande mottaking av eit samla kritikarkorps.

Han har blitt omtalt som ein «tekstforfatter av stort format» og «en melodisnekker av de sjeldne», men Tom Roger Aadland er også ein bunnsolid og energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein song. Han har sunge Dylan på nynorsk og framført eigne, kritikarroste låtar på tallrike konsertar over heile landet dei siste åra, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scena, enten han opptrer solo eller med fullt band. Han trivst like godt på ein sveitt rockeklubb i hovedstaden som på eit landsens kulturhus ute i havgapet.

No kjem han til oss, og me gler oss til laurdagskvelden, då entrar han scena i Fretheimssalen med fullt band!

View Event →
Oct
28
2:40 PM14:40

Poesitoget

 Foto: aurlandphotogaphy 

Foto: aurlandphotogaphy 

Bli med på hausten si vakraste oppleving! Me tek Flåmsbana opp til Vatnahalsen - ei vakker oppleving. Men denne eine dagen -  denne eine gongen - er den vanlege informasjonen du høyrer i vognene bytt ut med kjende stemmer frå bygda. Poesi og dikt, segner og forteljingar er lese inn av små og store aurlendingar. Desse er så sette saman med musikk, og vil gje deg ein ny dimensjon på reisa oppover Flåmsdalen, til Vatnahalsen.

Flåmsbana er kjend over heile verda. Den knyter oss saman med eit større nett, der skinnene er trådar som kan føre oss vidare ut i verda, og som fører verda til oss. Me som bur her har og eit forhold til denne togstrekninga på eit eller anna vis. Dette prosjektet ynskjer å setje folk som bur her i samanheng med denne tråden ut i verda. Kva skjer med opplevinga om den vanlege informasjonen som du høyrer blir bytt ut med poesi?

Poesikonsert "Kvervel"

Oppe på Vatnahalsen ventar ei ny oppleving: der kan de nyta ein konsert med Karl Seglem på erverdige Vatnahalsen hotell. Dette er ein poesikonsert som har namnet "Kvervel". Seglem er aktuell med ny diktsamling og vil gje oss smakebitar frå den og  frå tidlegare utgivne dikt.

Karl Seglem sine ord og tonar vil fylgje deg ned til perrongen og returen til Flåm kl 1800.

View Event →
Oct
28
2:00 PM14:00

Foredrag om Mary Shelley

oystein_vidnes_c_simone_stibbe.jpg

I 2018 er det 200 år sidan verdas første science fiction-roman blei skriven, av den 18 år gamle Mary Shelley. Kven var ho eigentleg, og korleis var det mogleg for ei ung jente på 1800-talet å skrive eit så banebrytande verk at vi framleis ikkje er ferdige med å forstå det?

I dette kåseriet følgjer Øystein Vidnes fotspora til Frankenstein heilt tilbake til tida før forfattaren vart fødd. I lag med ektemannen Percy var Mary Shelley ein ung, romantisk opprørarar i ei konservativ tid, men i motsetnad til opprørske tenåringar flest kunne ho ha foreldra som førebilete: Mary Wollstonecraft og William Godwin var begge radikale, revolusjonære filosofar som ville endre framtida. Noreg har òg ei viktig rolle i denne historia: Om ikkje Mary Wollstonecraft tilfeldigvis hadde reist til Noreg i 1796, på jakt etter eit skip lasta med sølv, og om ho ikkje hadde skrive ei fantastisk bok om det, så ville Frankenstein aldri ha blitt til!

 

View Event →
Oct
28
1:00 PM13:00

Presentasjon av "Tusen år i Sogn" med Steinar Velle og Torkjell Djupedal

tusen år i sogn.jpg

Tusen år i Sogn tek lesaren med på ei historisk reise, frå vikingtid til vår tid, frå Solund til Sognefjellet. Steinar Velle og Torkjell Djupedal gir deg smakebitar frå boka!

Vi møter kjende sogningar som Harald Hårfagre, kong Sverre, Mensen Ernst og Gjest Bårdsen. Målet er ikkje å gje ei samla framstilling av Sogn si historie, men å gje smakebitar. Forfattaren gjer innhogg i historia, frå dei første skrivne kjeldene og opp mot vår tid.

Tusen år i Sogn er også ei bok med mykje kunst, med motiv frå Sogn av mange av dei store målarane frå 1800-talet, m.a. J. C. Dahl, Johannes Flintoe, Thomas Fearnley, Adolph Tidemand, H. F. Gude, Knut Bergslien, Anders Askevold, Amaldus Nielsen og Bernt Tunold. Det var til Sogn dei drog, kunstnarane som "oppdaga" det norske landskapet. Boka er også rikt illustrert med foto.

View Event →
Oct
28
1:00 PM13:00

Familiekonsert!

månevenn.jpg

"Månevenn", som er aktuelle med ny plate denne hausten, er ikkje redde for å ta ei utfordring! Difor har dei sett saman ein eigen familiekonsert spesielt for Nynorske litteraturdagar.

Denne vil passe for både vaksne og born. Det blir variert musikk presentert med glimt i auga og stor speleglede. Kanskje du til og med blir med og syng på eit refreng, eller tre?  Dei inviterer små og store til ei knakandes kjekke stund laurdag kl 13.00. 

View Event →
Oct
28
12:00 PM12:00

Bokbad - Siri Økland

Siri Økland kjem denne hausten ut med boka "Det står til liv". Når livet byr på utfordringar, det sler knute på seg, vasar seg til og tråden kan synast frynsete og skjør - kva då?  Me får eit nært møte med henne når ho samtalar med Jan H. Landro.

View Event →