Back to All Events

Familiekonsert Good Time Charlie - JUBELBLUES!

GoodTimeCharlie.png

Good Time Charlie har stort engasjement for bluesmusikk – Med konsertkonseptet JUBELBLUES har dei truffe innertiar i det å spele blues for barn i alle aldrar.

Det blir vanskeleg å sitte heilt stille når desse karane spelar opp!

– Stilen vår er happy-go-lucky. Musikk som får ein i godt humør og som er enkel å vere med på. Samstundes skal han ha ein nerve som formidlar noko om livet, som smerte, draumar eller det å ta grep i eige liv , smiler Arle Hjelmeland.

Tekstane er på vestlandsdialekt og songane er lette å synge med på. Her fins både positivt innhald, mykje humor, dans og fri fantasi. Jubelblues er gøy for små og store, og bandet har ein unik evne til å skape god og kreativ kontakt med publikum. Her kan alle i salen delta – det handlar om å få brukt spontaniteten sin på ein god og leikande måte.

Good Time Charlie har lenge vore aktive med å spreie blå musikk til eit yngre publikum, og gav i 2013 ut Noregs første bluesbaserte barneplate på dialekt – «Draumeblues og blåsus» og i 2015 kom «Jubel og Skrubbsår». Begge platene er kritikarrost og svært godt motteke.