Back to All Events

Gøril Grov Sørdal

Gøril med stadnamn.JPG

"Nomino - historia om norske stadnamn"

Gøril har du kanskje sett på TV i serien Nomino? Der kunne ho fortelje mykje artig om ulike namn. Dette vart ho berre meir og meir interessert i og no har ho skrive bok: "Nomino - historia om norske stadnamn". Ho kjem til nynorske litteraturdagar og fortel om boka, og inviterer deg til quiz om lokale stadnamn!

"For meg blei det naturleg at ei bok om stadnamn skulle handle både om oss, om landet vårt og om historia vår. Våre liv og våre lokalsamfunn er resultata av hendingar i noregshistoria, og stadnamna er eit resultat av vår plass i denne historia. Forfedrane våre var stormenn og flyktningar, kongar og friller, immigrantar og emigrantar, skurkar og heltar, men fyrst og fremst heilt vanlege folk som deg og meg. Stadnamna våre viser kven me er, og kven me ein gong var. Dei er brutalt ærlege og fortel at me både er forfengelege og audmjuke, sta og milde, sårbare og knallharde, kreative og pragmatiske, valdelege og vare. Me er ein rar og fin gjeng." (Gøril Grov Sørdal).