Back to All Events

Bokbad : Hilde Myklebust

 Foto: Tove Breistein

Foto: Tove Breistein

Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande.  Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.

Ho er aktuell med diktamlinga  "Kvar ein fugl" og me får eit møte med henne i samtale med Marit Bendz.

"Kvar ein fugl" 

Dikt med djupe røter

Frå ein gard i ein fjelldal spring dikta ut. Dei dreier rundt det å drive ein slektsgard vidare og å bli mor til barn som er ein ny generasjon i ei lekkje som strekkjer seg langt attende i tid. I eit konkret og biletsterkt språk fortel dei om garden som ein stad som ser liv komme og gå. Dei som har levd før, er alltid til stades. I steingardar og bygningar, landskap og marker, i namn og spor, gamle tre og i fuglane som flyg over tunet. Nærleiken til naturen er sterk og tydeleg, og slik blir også det forgjengelege eit bakteppe for alt som hender.

Earlier Event: October 20
EIN PIRRAR!
Later Event: October 20
Øystein Vidnes "Om Mary Shelley"