Back to All Events

Litterær speed-dating!

simonestibbe.jpg

HAR DU EIN FORFATTAR I MAGEN? ELLER KANSKJE DU HAR EIN GOD IDÈ OG KJENNER EI STADIG STERKARE SKRIVEKLØE? NO KAN DU PRØVE IDEANE DINE PÅ EIN EKTE FORLAGSREDAKTØR!

Under  Nynorske litteraturdagar i år får du nemleg sjansen til å gå på speed-dating med forlagssjef Simone Stibbe i SKALD – og kanskje er det akkurat din bokidè som tenner gneister hjå det lokale forlaget på Leikanger.

– Men det er ikkje berre forfattarspirer me ser etter, presiserer Stibbe. Både omsetjarar, designarar, fotografar og illustratørar er hjarteleg velkomne til ein kjapp prat med oss!

SKALD forlag vil ta i mot folk fortløpande laurdag 20.oktober mellom kl 15.30 og 16.30, på Fretheim hotel i Flåm.

Så har du ein god idè, eller eit eller anna kreativt prosjekt som ligg og ulmar, fyll ut skjemaet og ta det med deg på festivalen. Det kjem også til å liggja skjema på sekretariatet vårt under Nynorske litteraturdagar.

Her er skjema: LITTERÆR SPEED-DATING MED SKALD 

Earlier Event: October 20
Ordskifte
Later Event: October 20
Barneprogram: Forteljarsti!