Back to All Events

Ordskifte

 Helene. Tirill og Linn representerer Aurland Barne- og ungdomsskule under ORDSKIFTE!

Helene. Tirill og Linn representerer Aurland Barne- og ungdomsskule under ORDSKIFTE!

Me inviterer til eit spanande møte mellom 4 ordførarar og ungdomar frå 4 kommunar! Kva er deira tankar om ivaretaking? Har dei same verdisetjing? Korleis ser framtida ut? har dei same syn? Kva grunnlag på leggast i kommunestyresalane i dag for at ungdomane skal velge å satse på ei framtid i bygda si?

Me ynskjer å få ungdomane i tale om kva dei set høgt – kva dei meiner bør ivaretakast i sine lokalsamfunn. Kva skal til for at dei ser føre seg ei framtid her? Kva må prioriterast – og kvifor?

Unge frå dei fire verdsarvkommunane møter ordførarane til eit ordskifte om kvardagen, framtida og ivaretaking! Jan Geir Solheim frå Lærdal, Olav Turvoll frå Vik, Hans Erik Ringkjøb frå Voss og Noralv Distad frå Aurland.

Elevar frå Lærdalsøyri barne.og ungdomsskule, Flatbygdi skule, Vossestrand barne- og ungdomskule og Aurland barne- og ungdomskule deltek i ordskifte. Ser verda likeeins ut for dei unge verdsarvingane og ordføraren deira?

Kafè-dialog gjev også deg som publikum høve til å kome tett på samtalen og til å bli med i ordskiftet om du vil. Me trur det blir stort engasjement, høg temperatur og friske meiningar!

Du kan få vere med på dette spennande møtet - og det heilt gratis!

Earlier Event: October 20
Øystein Vidnes "Om Mary Shelley"
Later Event: October 20
Litterær speed-dating!