Filtering by: 2014

Norsk songskatt gjennom 200 år
Nov
2
5:00 PM17:00

Norsk songskatt gjennom 200 år

Me har fått mange og flotte tilbakemeldingar frå dei som fekk oppleve avslutningskonserten i fjor, både frå aktørar og publikum.

  • Dette var utruleg kjekt!

  • Så flott å sjå så mange av våre eigne prestere på eit så høgt nivå!

Ein skal aldri endra på eit vinnande lag, heiter det i fotballspråket, og det har me heller ikkje planar om å gjera. Dessverre får me ikkje med oss Kor Blå i år, men konserten vil i hovudsak elles byggje vidare på arrangementet i fjor, og me kan lova at det blir rikeleg med unge stemmer frå scena!

 

I konserten vil me servera innslag som er knytte til historia rundt nasjonalsongen, elevar frå ABU gjev oss eit historisk tablå rundt kampen for sjølvstende, og unge og ikkje fullt så unge solistar gjev oss smakbitar på både eit og hitt.

 

Den fyrste song og La det swinge er titlar me sjølvsagt må ha med, og i tillegg får musikklaget, koret og spelemannslaget det til å kribla både her og der.

 

Martin Hendriks er kunstnarleg ansvarleg i år som i fjor, og vil på sin lune (men likevel tydelege!) måte få fram det beste av musikalitet og god stemning hjå så vel aktørar som publikum.

Stad: Aurland idretts- og samfunnshus

View Event →
Aurlandsutbyggjinga. Mimring med sentrale aktørar som Osvald Turlid, Bengt Johnsrud med fleire
Nov
2
2:00 PM14:00

Aurlandsutbyggjinga. Mimring med sentrale aktørar som Osvald Turlid, Bengt Johnsrud med fleire

 

Historiar frå Aurlandsutbygginga

Einskilde har etterlyst meir program med lokal forankring under Nynorske litteraturdagar. Dette gjer me no noko med.

Me har vore so heldige å få med oss to sentrale personar frå Aurlandsutbygginga til ein godprat i Heradshuset på søndagen. Osvald Turlid kjenner nok dei fleste, men sementkøyraren Bengt Johnsrud kjem de nok til å hugse etter denne dagen. Johnsrud har røter frå Dyrdal.

Lokalhistorikaren Johs. B. Thue frå Balestrand skal prøve å halde styr på desse to og kanskje fleire frå denne gullalderen i Aurland si historie.

Denne utbygginga bygde mykje av det moderne Aurland, og har gjeve Aurland gode inntekter. Kanskje vert det ei framtidig bok av dette?

Publikum kan førebu seg med å lese om Aurlandsutbygginga og sjå flotte foto på Facebook.

https://www.facebook.com/groups/1393521814236048/

Stad: Heradshuset på Aurlandsvangen

View Event →
Lars Mæle: Linnés dystre lærdom
Nov
2
12:00 PM12:00

Lars Mæle: Linnés dystre lærdom

LARS MÆHLE

(f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store gjennombrot med fantasyromanen Landet under isen i 2009.

Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen.

Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane – jødedom, kristendom, islam – er sentrale. Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009, og vann UPrisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris.

Lars Mæhle har skrive fleire bøker for yngre barn, m.a. dei elleville bøkene om tospannet Harry og Ivar. Den første av desse, Harry og Ivar finn opp krutet (2003), blei dramatisert for barnetimen og er omsett til dansk. Mæhle har studert ved Universitetet i Oslo der han har teke hovudfag i litteraturvitskap. Han har arbeidd som skribent, meldar og forlagsredaktør.

Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.

LINNÉS DYSTRE LÆRDOM

Ny bok i serien om den hardtslåande psykologen Ina Grieg

Ein invitasjon til klassetreff gjev nytt liv til eit av Ina Griegs fortrengde mareritt. Då ho vaks opp, forsvann ei 14 år gammal jente, Sonja Lerdahl, på gåtefullt vis. Mistanken blei retta mot Tom Kaser, ein 19-åring kalla «botanikaren». Men noko lik blei aldri funne, og han blei aldri tiltalt.

Kva skjedde med Sonja? Var det Tom Kaser som bortførte og drap henne? Eller nokon annan? Eller er Sonja framleis i live?

Linnés dystre lærdom er ein nervepirrande krim om den eine, avgjerande augeblinken som brått snur opp ned på alt. Boka er den andre i serien om Ina Grieg, tobarnsmor, kickboksar og psykolog. Den første boka i serien, Den mørke porten, er selt til Italia og Tyskland.

Intervjua av Magnhild Bruheim

Stad: Heradshuset på Aurlandsvangen

View Event →
Humoristiske refleksjonar med vossahumoristen Baste Bolstad
Nov
1
to Nov 2

Humoristiske refleksjonar med vossahumoristen Baste Bolstad

Dersom nokon kan kallast “ringrev” innan norsk standup, så må det vera veteranen Baste Bolstad. Han har vore med sidan sjangeren så dagens lys i Noreg på tidleg nittital, og er i dag ein av dei mest populære komikarane i landet.

Baste Bolstad kan trygt seiast å vera ein av veteranane på den norske humorscenen, som reindyrkar sjangeren og framfører standup i si edlaste form. Med stor sjølvtillit, presis timing og fagleg tyngde erobrar han raskt publikum si merksemd. Kun utstyrt med mikrofon, eit allsidig repertoar og gjennomtenkte poeng, syter han alltid for latter og god stemning. Noko han også gjer ofte, anten det er som tidlegare fast konferansier og komikar på Latter i Oslo, eller på andre scenar og arrangement landet rundt.

Frå debuten i 1994 har han reindyrka den småfrekke, men alltid gjennomtenkte og spontane forma si for humor. Baste går nemleg ikkje av vegen for å ta direkte kontakt med publikum og gjera dette til ein del av showet! Men mest av alt har den opphavleg utdanna juristen frå Voss (og lensmannsdreng i Aurland i to somrar!)gjort sjølvironi til varemerket sitt. Dette har m.a. resultert i mange sesongar som medprogramleiar i P4, deltaking i lokalrevyar og den sjølvskrivne førestillinga Frå Bygd Til By. Nettopp dette speglar også komikaren på scena, eit konstant harselas med kontrastane mellom nettopp utkantstrøk og storby.

Men uansett kva temaet er, har Baste berre  eitt mål for auget – å få publikum til å ramla av stolane av latter.

Stad:  Ægir Bryggeri & Pub

View Event →
Nov
1
to Nov 2

Kulturquiz med Unni og Einar Johan

Unni og Einar.jpg

Kulturquiz med Unni & Einar Johan

Quizmeistrane våre, Unni og Einar Johan Asphaug, høyrer til dei mest trufaste av litteraturdagane sitt publikum. Berre ein gong har dei gått glipp av dagane, og då med ”lovleg forfall” (USA).

Dei deler gjerne på den breie kunnskapen sin på kulturfeltet, ein kunnskap som dei mellom anna har henta frå opphald i Afrika og Asia.

Einar er fødd i Mo i Rana i 1947, men med foreldre frå Sogn. Han er no pensjonist på sjette året, er utdanna petroleumsgeolog, og som den tredje som vart uteksaminert i Noreg på -70-talet, kunne han velja og vraka i jobbar. Det blei Statoil som fekk tilslaget, og der har han jobba heile si yrkeskarriere.

Unni er fødd i 1948, og vaks opp på Bakken turistheim på Ohnstad. Ho er norsklektor frå universitetet i Bergen og har undervist på St. Olav i Stavanger, deretter på Fana gymnas i Bergen. Unni er òg pensjonist no - på andre året.

Begge likar svært godt å delta på quiz, men denne gongen er det dei som vil stille spørsmåla, der dei utfordrar publikum sin kjennskap til både lokale tilhøve og ting enno lenger ute i verda. Unni og Einar har snekra saman ein quiz som både kan oppfylle dei tre slagorda våre, Folkeleg, Raus og Levande, og samstundes motivere publikum til innsats. Her blir litt av kvart for ein kvar smak, der spørsmåla spenner over mange og ulike tema – litt geografi, ein dæsj lokalkunnskap, musikk, dialektuttrykk  og – sjølvsagt - norsk litteratur. Dei som måtte sakna fotballen oppi dette, kan til dømes ta seg ein luftetur medan quizen føregår.

Stad:  Ægir Bryggeri & Pub

View Event →
Nov
1
10:00 PM22:00

Lyrikk i tonar og ord

Ove Eide les frå boka ”Dikt i utval” av Jan Magnus Bruheim i musikalsk samspel med trio.

Ove Eide er norsklektor ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Som kulturarbeidar og forfattar har han vore sterkt engasjert i formidlinga av Jakob Sande si dikting, og har òg skrive ein biografi om Sande.

Denne gongen har Ove gjeve seg i kast med å redigera eit utval av dikt frå Jan Magnus Bruheim sin rikhaldige produksjon. Han måtte pent lesa gjennom alle diktsamlingane til Bruheim frå 1941 og fram til lyrikaren gjekk bort i 1988 før han kunne gje seg i kast med den spennande og utfordrande ferda det vart å plukke ut dei 250 dikta som er med i boka.

– Jan Magnus Bruheim er ei av søylene i nynorsklyrikken, og dette er ein måte å lyfte han fram att på. Bruheim skriv på ein måte som gjer at han framleis er veldig aktuell. Dette er visdomsord i diktform, seier Ove Eide.

På litteraturdagane får me høyra Ove lesa dikt frå boka i eit musikalsk samspel med tre ungdomar, Vilde Torheim Skjerdal frå Aurland (vokal), Eirik Ask frå Svelgen (tangentar) og Lauritz Skeidsvolls frå Kleive i Møre og Romsdal (saksofonar).

Arrangementet går i Fretheimssalen på Fretheim hotell laurdag kl 22:00.


Stad: Fretheimsalen Fretheim hotell

View Event →
Nov
1
5:00 PM17:00

Frank Aarebrot - Krisa på Krim og i Ukraina (NB: Endring i programmet)

Foto: UiB

Foto: UiB

ENDRING:

Av helsemessige årsaker kjem Frank Aarebrot inn og overtek denne programposten frå Jahn Otto Johansen.

Korleis forstå Krim og Ukraina.

Er det nasjonalistisk agitasjon som bidreg til å skape og vedlikehalde krisa?

Frank Aarebrot gjev oss eit innblikk i historia og konflikten.

Krimtataren og gitaristen Enver Izmaylov vil krydre foredraget med musikk frå regionen.

Frank Aarebrot er statsvitar og professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han er òg professor II i demokratiutvikling ved Örebros universitet i Sverige. Han føreles blant anna ved Institut des Sciences Politiques i Frankrike og ved Humbolt-universitetet i Tyskland.

 Han har leia fleire internasjonale prosjekt og vore redaktør av og medforfattar til ei rekkje bøker om demokratrisering i Europa etter at kommunismen braut saman. Aarebrot forskar innan felta nye demokrati og demokratisering, valanalyse og metodikk, europeisk integrasjon og forskningsformidling, men er i Noreg kanskje mest kjend som politisk mediekommentator og ekspert på val.

 Grunnlova på 200 minuttar er eit av dei siste store prosjekta til Frank Aarebrot. Då NRK 1 sende dette programmet tidlegare i år, sat hundretusenvis av nordmenn i godstolen og følgde med. Interessa for programmet kan samanliknast med månelandinga til Apollo 11 ekspedisjonen, attende i juli 1969.

View Event →
Gi meg heller livet. Ei bok om soldatveteranar i Norge.
Nov
1
3:00 PM15:00

Gi meg heller livet. Ei bok om soldatveteranar i Norge.

Foto: Haavard Bjelland

Foto: Haavard Bjelland

Foto: Paul Sigve Amundsen

Foto: Paul Sigve Amundsen

Gi meg heller livet - Ein dokumentar om soldatveteranar i Norge

Når norske soldatar kjem heim til Noreg etter teneste i konfliktområde, er det for mange veteranar starten på ein personlege kamp. Ein kamp dei ikkje har blitt førebudde på. Ein kamp med seg sjølv og med samfunnet. Dei kjempar for å finne tilbake til eit vanleg liv, mot vonde minne og mot eit samfunn som ikkje forstår. Dei kjempar for å bli høyrde og respekterte både i den offentlege debatten og i sin personlege kvardag.

Sidan 1945 har over hundre tusen nordmenn vore i utlandsteneste. Når oppdraget i Afghanistan vert avslutta, vil Noregs siste store krigsinnsats ha etterlete nærare ti tusen nye norske krigsveteranar. Er dei budde på det som ventar dei når dei kjem heim? Og er det norske samfunnet klare for å ta i mot dei?

Gi meg heller livet er eit eineståande dokumentasjonsverk, eit tidsbilete som ggjev innsyn i eit tema som kan setje i gong ein viktig debatt. Boka gjev innblikk i kvardagen til 13 veteranar frå oppdrag i Libanon, Irak, Balkan og Afghanistan, ein av dei er ei kvinne som er veteran og enke. Forordet er av Forsvaret sin veteraninspektør Robert Mood.

Fotograf Håvard Bjelland og forfattar Bjørn Asle Nord har i fleire år jobba saman om dette såre og følsame temaet. Gjennom reportasjar i Bergens Tidende har dei vist unge krigsveteranar sine liv, menneske som vi ofte ikkje ser. For dette arbeidet har dei to gonger vore nominert til Den store journalistprisen. Etter kvart har dei samla inn fleire historier og ynskjer no å vise dei enkelte skjebnane i eit større perspektiv.

Presentasjon ved forfattar Bjørn Asle Nord og fotograf Håvard Bjelland

Stad: Fretheimsalen Fretheim hotell

View Event →
Nov
1
2:00 PM14:00

Bård Vegar Solhjell: Sjakk - ei kjærleikshistorie

Foto: Stig Weston

Foto: Stig Weston

SJAKK - EI KJÆRLEIKSHISTORIE

Sjakkens magi – fortalt av ein entusiast

Heile livet har politikaren Bård Vegar Solhjell vore djupt fascinert av sjakk. I barndomen var han ein talentfull sjakkspelar, seinare vart sjakken meir som ein hemmeleg lidenskap.

I denne boka forklarer Solhjell enkelt og underhaldande kvifor stadig fleire elskar sjakk. Han skriv om sjakkens historie og framtid. Om kvar sjakk kjem frå, dei store profilane og om sjakk i film, musikk og i politikk.

Dette er ei bok for alle nysgjerrige som sit med spørsmål utan svar etter OL og VM. Ei bok for deg som vil forstå meir av eit av verdas eldste og mest utbreidde spel.

Med føreord av Hans Olav Lahlum.

Stad: Peisestova Flåmsbrygga

View Event →
Nov
1
1:00 PM13:00

Folkedrakter og bunader frå Sogn. Ei reise i tid og landskap.

bjorg_hovland2_foto privat.jpg

Bjørg Hovland held føredrag om arbeidet med formidling av historia til folkedrakter og bunader i Sogn.

Ei utstilling av originale plagg frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, i hovudsak frå Aurland kommune, blir å sjå i hotellet sin vestibyle.

Etter føredraget vert det framsyning og presentasjon av modellar med bunader frå ulike periodar, både menn, kvinner og barn. Til sist syner mønstringa brurestas, med krunebrurer, sølvstas og drakter frå fleire bygder i Sogn.

Lokale og internasjonale musikkinnslag undervegs.

Det vert høve til boksignering.

Programmet er eit samarbeid mellom Nynorske litteraturdagar og Sogn bunadnettverk ved Bjørg Hovland, Siri Benjaminsen og Torill Lien Nilsen.

Boka - Folkedrakter og bunader frå Sogn

Bunad er populært som aldri før. Men korleis vart alle dei ulike bunadene i Sogn til? Kva er det som skil dei frå kvarandre? Korleis har dei utvikla seg frå nasjonsbygginga til vår tid?

I boka Folkedrakter og bunader frå Sogn fortel forfattar Bjørg Hovland nært og personleg frå eit langt liv i bunad, og om gleda over dei vakre bunadene som vekte interessa hennar for temaet.

I boka går ho attende i tid og skildrar korleis sogningane kledde seg til høgtid på 1800-talet då nasjonalromantiske målarar oppdaga fjord, fjell og folk her i Sogn. Hovland har gått på oppdagingsferd i målarkunst og klede, og gjer historia levande for oss gjennom ord og bilete.

(i samarbeid med Sogn Bunadnettverk)

Stad: Fretheim hotell – den nye delen

View Event →
Nov
1
12:00 PM12:00

Gunnar Garfors: 198. Mine reiser til alle verdas land

Foto: Linda Cartridge

Foto: Linda Cartridge

GUNNAR  GARFORS

(f. 1975) er opphavleg journalist som no jobbar med distribusjon av digitalradio i NRK. Han er kjend som quizmaster frå Nitimen på NRK P1, og skriv om reise i utanlandske aviser og magasin samt på sin eigen nettstad garfors.com.

198 - Mine reiser til alle verdas land

Gunnar Garfors er den einaste nordmannen som har vore i alle land i verda. Utferdstrongen og eventyrlysta har resultert i sære opplevingar og sprelske påfunn, som Guinness-rekord etter besøk i fem verdsdelar på éin dag.

Han reiser ofte på impuls og opplever verda i møte med dei han treffer undervegs. Då skjer det uventa og spennande ting, anten han er aleine eller saman med gode kompisar. Boka inneheld historier frå kvart einaste land i verda, og er meint som inspirasjon til alle som vil på noko anna enn pakketurar.

Garfors har òg laga fleire lister, som dei 25 minst besøkte landa i verda, dei fem favorittlanda hans i kvar verdsdel, dei 10 favorittbyane, dei farlegaste landa og kva land som har dei flottaste kvinnene. Han gir gode råd om kvifor og korleis reise til stader du knapt visste om.

Stad: Peisestova Flåmsbrygga

View Event →
Nov
1
10:30 AM10:30

Kokebok frå Flåm skule

Kokebok frå Flåm skule

Mange kokkar små…kokar i det blå


Rektor Astrid og Stina Børressen viser fram boka under programsleppet i Aurland Sparebank

Første og andre klasse på Flåm skule har laga kokebok.

I fylgje omtalen er dette den første og beste kokeboka som er laga på skulen, og då er det nok heilt sant.

Boka gjev deg oppskrifter og tips til mat du like gjerne kan laga ute som inne, og inneheld i tillegg mange flotte og glade illustrasjonar og bilete.

Det blir omtale av boka på Sogn jord- og hagebruksskule (SJH) laurdag 1. november kl 10:30, som ein del av eit større barneprogram i regi av Venneforeninga for SJH (Sjå eige oppslag om dette!). Eg  trur sanneleg det kjem til å vanka smakbitar frå innhaldet i boka der òg!

Nam!

Stad: Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland

View Event →
Nov
1
10:30 AM10:30

Opptur kysten Bergen - Stad

Foto: Svanhild Breidalen

Foto: Svanhild Breidalen

 

Torkjell Djupedal

(f. 1957) er frå Selje og har vore busett i Førde sidan 1992. Han er cand.mag. i samfunnsfag ved Universitetet i Bergen og har ein mastergrad i journalistikk frå University of Oregon i USA.

Djupedal har vore journalist i Gula Tidend i Bergen (1986-89), informasjonsarbeidar i Sogn og Fjordane fylkeskommune (1989-92) og radiojournalist i NRK Sogn og Fjordane (1992-97). Siden 1998 har han vore forfattar, forleggjar og dagleg leiar i Selja Forlag.

Knut Magne Nesse

(1975) er sokneprest i Kinn, og medforfattar bak boka Opptur Kysten Bergen - Stad. Han har alltid vore interessert i naturopplevingar og kultur, og er mellom anna sterkt engasjert i Kinnaspelet.

Finn Loftesnes

(f. 1947) er frå Sogndal, der han også bur.

Finn Loftesnes er fotograf og lærar på Sogndal Folkehøgskule. Gjennom ei årrekkje har han fotografert natur og landskap i Sogn og Fjordane, og me har hatt gleda av å nyta mange av dei flotte bileta hans på Nynorske litteraturdagar. Finn har elles vore flyfotograf i Opptur-bøkene, og også levert bilete til fleire andre bøker på Selja Forlag.

OPPTUR KYSTEN Bergen-Stad

Vandring - Sykling - Bil - Båt - Kultur - Pilegrim

OPPTUR-bok nummer 7 inneheld 30 ruter, 116 flyfoto og 663 opplevingar langs kysten Bergen Stad.

OPPTUR KYSTEN BERGEN–STAD tek deg med på tur på Vestlandskysten, eit fjord- og kystlandskap som er kåra til eit av dei flottaste reisemåla i verda. Frå Bergen i sør, og nordover gjennom Nordhordland, ytre Sognefjorden, Sunnfjord og Nordfjord til heilagøya Selja og Vestkapp, ytst på Stad.

OPPTUR KYSTEN BERGEN–STAD er den sjuande boka i OPPTUR-serien, og skil seg frå dei andre ved at ein her er på tur i låglandet langs kysten, med samanhengande strekningar. Detaljomtale av 30 ruter og 663 stader å stoppe.

Alle rutene og stadene er flyfotograferte og teikna inn på 116 flyfoto. Boka har meir enn 1000 andre foto. Stort utbrettskart over heile området.

Anten du tek ein ettermiddagstur, ein helgetur eller ein ferietur, OPPTUR KYSTEN BERGEN–STAD har alt du treng å vite for å få mest mogeleg ut av turen.

Fretheimsalen Fretheim hotell

View Event →
Nov
1
12:00 AM00:00

Konsert med gitaristen Enver Izmaylov

Enver Izmaylov

Gitaristen, strupesongaren og komponisten Enver Izmaylov er ein verdsborgar, busett i Simferopol på Krim. Han tilhøyrer folkegruppa Krimtatarane, og i 1944 vart denne folkegruppa deporterte etter ordre frå Stalin. Mange av dei hamna i Ferganadalen i Usbekistan, der Enver vaks opp. Først litt utpå åttitalet fekk dei returnere til Krimhalvøya og etablere seg på nytt.

Enver fekk ikkje noko opplæring i gitarspel, og måtte difor prøve seg fram på eiga hand. På denne måten utvikla han ein unik speleteknikk som ein ikkje finn hjå andre. Absolutt ikkje etter læreboki!

Enver Izmaylov komponerer det meste av musikken sjølv, inspirert av folkemusikken til tatarane, tyrkarane og folkegruppene på Balkan. Gitarspelet og musikken til Enver kan ikkje skildrast, ein må berre nyte det med alle sansar vidopne. Det er nesten ikkje grenser for kva han kan få ut av gitarane sine, noko den første videoen syner (sjå linkar under). Det humoristiske innhaldet i konsertane skal ein heller ikkje gløyme, kanskje nokon får bakoversveis?

Enver Izmayliv kjem til å delta ved ei rekkje høve under årets Nynorske litteraturdagar, mellom anna på Geir Lysne sitt tingingsverk Sanz, på presentasjon av bunadar og folkedrakter frå Sogn, under Jahn Otto Johansen sitt kåseri og med eigen solokonsert.

Enver Izmaylov har halde konsertar over heile verda og gjeve ut ei rekkje cd-plater og dvd-ar.

Video:

https://www.youtube.com/watch?v=4HFz4adXmV8

 https://www.youtube.com/watch?v=oY2Q1gpel9U&list=UU_cRP-knc0N8JWY7tSkTHNQ

 https://www.youtube.com/watch?v=u0ZX7VVjIds

 https://www.youtube.com/watch?v=3pU9aUvA9c8

 https://www.youtube.com/watch?v=uXFjYorR4Tw

Lyd:

 https://soundcloud.com/enver-izmaylov/enver-zmailov-with-my-best-1

 https://soundcloud.com/enver-izmaylov/around-the-black-sea-sudak

 https://soundcloud.com/enver-izmaylov/enver-zmailov-with-my-best-3

https://soundcloud.com/enver-izmaylov/enver-zmailov-river-of-time-3

Stad: Ægir Bryggeri & Pub

View Event →
Oct
31
to Nov 1

Sylfest Lomheim - humoristisk foredrag rundt Adam og Eros.

Sylfest Lomheim

(f. 1945) har skreve ei rekkje bøker om språk, mellom anna Språkreisa – norsk gjennom to tusen år, Ord om ord og Språkteigen.

Etter artiumseksamen ved det som den gongen heitte Sogndal gymnas, studerte han engelsk, fransk og norsk ved Universitetet i Oslo med norsk hovudfag frå 1971. Han var TV-produsent i NRK, mellom anna i Sportsrevyen frå 1969 til 1970, og konsulent med ansvar for rekruttering av nynorskmedarbeidarar frå 1975.

Åra 1980 til 1994 var Lomheim språkkonsulent ved NRK, og frå 1990 har han vore programmedarbeidar og svara på spørsmål frå lyttarane om språk i radioprogrammet Språkteigen. Elles har han delteke i den populære TV-serien Typisk norsk.

Sidan 1977 har Sylfest vore tilsett ved Høgskolen i Agder, der han mellom anna var rektor.

I 2003 blei han utnemnt til professor ved høgskulen (seinare Universitetet i Agder), og det same året blei han direktør i Språkrådet, ei stilling han sat i til den 1. september 2010.

Lomheim har vore ein aktiv og markant debattant i det offentlege ordskiftet, og har ved fleire høve hevda at det norske språket er trua, særleg av engelsk, og står i fare for å utryddast dersom ein ikkje treffer tiltak og arbeidar med haldningar til språket.

Som deltaker i samfunnsdebatten har Lomheim elles òg stilt seg kritisk til bruk av Internett. «Difor er Internett ein utru tenar. Ikkje berre er der så uhorveleg med data. Likt og ulikt er å finna. Det lumske er at ingen står som garantist for tilbodet – gehalten varierer frå fagleg soliditet til rein humbug. Kvalitetssikring finst ikkje, og dermed er internett prinsipielt ubrukeleg som kjelde for påliteleg kunnskap.».

(Innhaldet i denne artikkelen er henta frå Wikipedia, men det meste er truleg sant likevel.)

 ADAM OG EROS

ord og uttrykk i bibel og mytologi Terje Nordby (1949) og Sylfest Lomheim (1945)

Adam og Eros er to ord som summerer opp dei to viktigaste linjene i den vestlege kulturhistoria — den jødiskbaserte kristendommen og den greskbaserte myteverda. I røynda er vår vestlege kultur bygd på desse to sterke tradisjonane. Dei utgjer dei to rikaste kjeldene for språk og førestillingar i heile Europa. Me i Vesten står på to sivilisasjonsbein, det eine er Bibelen, det andre er mytologi. Denne boka ønskjer å illustrera dette forholdet og fortelja historier om ord og uttrykk frå bibel og mytologi. Tekstane viser at mange av desse seiemåtane som er høgst levande i daglegtalen i vår tid, kan ha lange og spennande historier bak seg. Dei har djupe røter ned i det jordsmonnet Vesten har vakse fram på.

Stad: Ægir Bryggeri & Pub

View Event →
Oct
31
to Nov 1

Konsert Lothe

LOTHE
-viser  med mange ansikt

Som P1-lyttar har det vore vanskeleg å unngå å høyra Lothe sin radiosingel «Heimlig himmel» i sommar. Totalt fekk denne 11 veker på P1 si A-liste. Frå før av har han markert seg med songar som  «Nordfjordnatt», «Vere to», «Stjerneklart» og «Sukker & salt». I 2012 kom albumet «Blå song» som hausta lovord landet over.

Frontmann Odd-Erik Lothe leidde bandet Fabel i ei årrekkje, noko som resulterte i fem kritikarrosa albumutgjevingar i perioden 1995-2007. Lothe er dessutan medlem av rockabillybandet Green Granadas og humortrioen «Finn-Erix». På mange måtar er bandet LOTHE ei vidareføring av Fabel. Rett og slett viser på nordfjordmål kledd i ulike musikalske drakter. Frå klassisk beatlesk popmusikk til element frå country, jazz og blues.

LOTHE vil by på rytmisk, harmonisk og mangefarga musikk frå heile katalogen til Odd-Erik Lothe. Frå «Jordbær og grasbrann» til «Heimlig himmel».  Dessutan vil ein og kunne få med seg smakebitar frå LOTHE sitt komande album som er venta i midten av 2015.

 

LOTHE er:

Odd-Erik Lothe - gitar og vokal
Tor Bjarne Bjelland - trommer
Ine Tumyr - percusjon og kor
Line Dybedal - piano og vokal
Jan Erik Reknes - trompet og kor
Ståle Søndrål Wick - gitar og kor
Halvor Folgerø - bass og kor

View Event →
Oct
31
8:30 PM20:30

Konsert Geir Lysne Band – tingingsverket Sanz

Konsert Geir Lysne Band – tingingsverket Sanz

Stad:Fretheimsalen Fretheim hotell

Geir Lysne

Geir Lysne er 48 år, fødd i Trondheim, men slekta kjem frå Lærdal, Ljøsne og Flåm. Han gjekk på vidaregåande skule i Sognda,l og musikkinteressa hans fekk på den tida ein ny kveik gjennom medlemskapen i Sogndal Storband, Sogndal Musikklag og seinare Sogn og Fjordane Storband. Ferda gjekk vidare til Toneheim folkehøgskole, deretter jobba han som  musikklærar i Lærdal og Florø, før han tok musikkutdanninga si ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.

Geir Lysne er etablert på den europeiske jazzscenen som saksofonist, komponist og dirigent, har gjeve ut sju album med eigen musikk, og er signert på det renommerte tyske plateselskapet ACT. To av utgjevingane har vorte tildelt tyske spelemannsprisar. Som dirigent har Lysne leia meir enn hundre konsertar med tjue av dei mest kjente profesjonelle større ensemble i Europa av i dag.

Lysne har og turnert som dirigent med artistar som Bobby McFerrin, Joe Lovano, Nils Landgren og Mory Kante. Jobbar til dagleg på Norges Musikkhøgskole, har vore ‘Composer in Recidence’ ved Musikhochschule Luzern i Sveits og er for tida kurator for Det Norske Blåseensemble i Halden. 

 Tingingsverket ”Sanz”.

’Sanz’ er inspirert av alle dei fantastiske og positive kreftene som kjem fram når eit samfunn går gjennom ei krise. Enorme mengder med hjelp, solidaritet, idealisme, samhald og omtanke skapar ein sterk og positiv energi. Dette har inspirert Lysne til å lage eit tingingsverk som godt kan skildrast som det omvende bygdedyret. Her skal alle gode krefter opp og fram, og alle skal gjere kvarandre usjølvisk gode.

Sentralt her er å samle internasjonale aktørar som har busett seg lokalt, og internasjonale aktørar med røter lokalt. Her vert det smak, lukt, lyd og visuelle inntrykk. Framifrå kortreist mat vert blanda med livlege jazzvariantar av lokal folkemusikk. Per Sivle sine dikt går gjennom ein digital miks av born frå Aurland og dannar lydløyper inn til konserten.

Musikken vert framført av musikarar som er internasjonale og lokale på same tid. Nokon har flytta ut, andre har flytta inn og nokon vert kanskje verande etter konserten?

Geir Lysne - saxofon, fløyter, tangentar, munnharpe, laptop
Enver Izmaylov - gitar 
Eckhard Baur - trompet, vokal

Tom Karlsrud - trekkspel

John Børge Askeland  - bass

Per Hillestad - trommer

Thor Ivar Lund - lydteknikar

View Event →
Oct
31
7:00 PM19:00

Morten Søberg: Rapport frå Finansdepartementet

Foto: Rune Kongsro

Foto: Rune Kongsro

Rapport frå Finansdepartementet - Ei statssekretærreise

Fram til regjeringsskiftet 2013 var Morten Søberg statssekretær for banksaker i Finansdepartementet. Denne boka er hans rapport frå dei tre åra han var i toppen av det mektigaste departementet i Noreg.

I skuggen av ei global finanskrise reiser Søberg frå sentrum av London til Longyearbyens periferi, til nokre av verdas største sentralbankar og mindre sentrale bankar på tvers av landegrenser og tidssoner: Noregs Bank, The First Bank of the United States, Snåsa Sparebank og Den norske Handelsbank.

Søberg har skrive ei viktig bok om spørsmål som gjeld oss alle, men som få av oss kjenner godt nok til: Korleis fungerer eigenleg bankar? Kvifor må dei regulerast og kva samfunnsansvar har dei? Og kva rolle kan personar, til dømes ein skarve statssekretær, spele på innsida av eit mektig departement?

 Som i dei tidlegare bøkene sine, kombinerer Søberg solid fagleg innsikt med ei uvanleg formidlingsevne.

(i samarbeid med Aurland Sparebank)

Stad: Flåmsbrygga

View Event →
Oct
31
7:00 PM19:00

Ragnhild Kolden – ”Fredens frosne hjarte”

Foto: Tove K. Breistein

Foto: Tove K. Breistein

Ragnhild Kolden

(f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho debuterte i 2010 med romanen I krig og kjærleik, ei klok og medrivande framstilling av dobbeltagentverksemd under den andre verdskrigen. Ho følgde opp med Krigens skugge i 2012, og med Fredens frosne hjarte avsluttar Kolden krigstrilogien om søstrene Vik. Kolden har også skrive kriminalromanar saman med Vigdis Kroken.

Fredens frosne hjarte

Det var så vakker ein dag. Men så fann Hermod Austo ein daudingskalle i ura under Uksenuten. Mellom dei grå, mosekledde steinane låg den. Kvit og naken. Hermod tok av seg sekken. Bøygde seg ned og flytte på ein stein. Beinansiktet grein mot han med store, jamne tenner. Den eine tanna hadde gullkant.

- Å faen, er det du, sa Hermod til skallen.

Mai 1960. Krigen har vorte fjern og kan nesten synast gløymd. Krigsrøynslene har vorte til ein bleik, taus understraum i livet til Dagny Vik. Men då Hermod Austo finn restane av eit lik inne i fjellet og kunstmålaren Bentein kjem til bygda, er krigens påtrengjande nærver der att – fullt av løyndomar og uoppgjorde synder.

Stad: Ægir Bryggeri & Pub

View Event →
Oct
31
6:00 PM18:00

Offisiell opning

Foto: Jan Egil Fimreite

Foto: Jan Egil Fimreite

Enver Izmaylov  gitar/strupesong

Prosjektleiar Odd Erik Vatlestad

Helsing frå ordførar Noralv Distad

Brynjulf Jung Tjønn les frå boka Så vakker du er

Offisiell opning ved Sylfest Lomheim

Odd Erik Lothe song/gitar

Fretheimsalen Fretheim hotell

View Event →
Oct
31
8:30 AM08:30

Barnehagane - Lisbeth Dreyer

Foto: Skule Eriksen

Foto: Skule Eriksen

Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Forfattaren Lisbeth Dreyer og illustratør Per Ragnar Møkleby har gjeve ut den sommarlege biletboka ”Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar”.  Forfattar og illustratør har funne inspirasjon i sjøkanten, og den badeglade lesaren får møte både sjøstjerne, strandsnigel, tanglopper og andre krabatar frå hav, fjord, strand og fjøresteinar.

Å vasse i strandkanten for å sjå etter små dyr er favorittaktiviteten til ungar, og det er for dei eg har laga denne boka. Men foreldra må gjerne reise seg frå solstolen og bli med på oppdagingsferda dei óg, seier Lisbeth Dreyer.

I boka har kvar fjørefant fått sitt eige vesle, humoristiske dikt med rim, rytme og poetiske skildringar og teikning av prisvinnande Per Ragnar Møkleby.

Fjørefantar er fine fantar som det er topp å teikne! Eg håpar boka kan gjere både lesestunda og turen til fjøra rikare, seier illustratøren.

Per Ragnar Møkleby vart seinast i vår premiert med både Kritikarprisen og Kulturdepartementets bildebokpris for 2013. Telemarkingen har tidlegare illustrert både bøker, aviser og blad, og dette er den femte bildeboka hans.

Lisbeth Dreyer frå Bergen er både filmskapar og forfattar, med ei rikhaldig liste bak seg av filmar og bøker. Som filmskapar er Lisbeth Dreyer mest kjend for kortfilmen Aurora Borealis, som mellom anna vann pris for beste fiksjonsfilm i Frankrike i 2004. På SKALD forlag har Dreyer tidlegare gjeve ut ”Luisa og Ugla” (2013), og ho debuterte som barnebokforfattar i 2008.

View Event →
Oct
31
8:30 AM08:30

Ungdomstrinnet - Brynjulf Jung Tjønn

Foto: Fredrik Arff

Foto: Fredrik Arff

Brynjulf Jung Tjønn,

(f. 1980), vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane og er utdanna journalist. Han debuterte som forfattar i 2002 med romanen "Eg kom for å elske" på Samlaget. I 2008 kom romanen "Lyden av noen som dør" på Cappelen Damm.

Første bok for barn og ungdom var "I morgen skal vi sitte i solen" (Cappelen Damm), før han ga ut "Kinamann" (Cappelen Damm) i 2011, som delvis var basert på hans eige liv.

I 2012 samarbeidde han med illustratøren Lisa Aisato om barneboka "Fotballskoene" (Cappelen Damm). I 2013 kom så ungdomsromanen som er utgangspunktet for skulebesøket hjå oss, "Så vakker du er" (Cappelen Damm). Boka blei tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2013.

Rettane for boka er selde til Tyskland, Danmark og Ungarn. I tillegg set Sogn og Fjordane Teater opp eit teaterstykke basert på romanen hausten 2015. Forfattaren er gift Brynjulf Jung Lindland-Tjønn, men nyttar Brynjulf Jung Tjønn som forfattarnamn.

Så vakker du er
I juryen si grunngjeving for nominasjonen av forfattaren frå Feios kan me lesa:

Brynjulf Jung Tjønn skriv lett om noko tungt, og vakkert om noko vondt i denne romanen. Boka følgjer Henrik, som får kreftsjukdommen  til onkelen tett på. Onkelen er sjølv ein ung mann og har fylt rolla som ven, storebror og farsfigur for Henrik. Slik blir tapet noko mange lesarar kan førehalde seg til. Parallelt får me historia om Henriks forelsking og gryande kjærleiksforhold. Forelsking og sjukdom, liv og død vert sette opp mot kvarandre, og gjev stor kraft til forteljinga.

Skrivestilen til Tjønn er rytmisk, biletsterk og poetisk. Han skriv innsiktsfullt om tap, og også dei tabubelagde og kanskje urettferdige følelsane som oppstår når dei næraste er sjuke – som sjalusi og sinne. Samtidig er boka ein klassisk ungdomsroman om forelsking og frykt, avvising og kjærleik, om kjent som blir framand. Tjønn har skrive ei bevegande og håpefull forteljing om ein ung gut som mobiliserer krefter til å handtere livet.

View Event →
Oct
31
8:30 AM08:30

5. - 7. klasse - Magnhild Bruheim

Foto: Gudmund Moren

Foto: Gudmund Moren

Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet

Første bok i spenningsserien om Stian og Stine

Stian og Stine er like gamle og bur i same huset, dei er stesøsken som nettopp har vorte del av ein ny familie. Men å få ein ny bror eller søster er ikkje alltid like lett! Då er det flaks at både Stian og Stine likar å løyse mysterium. Ein kveld skjer det noko mystisk i nabolaget, og jakta på svaret fører Stian og Stine opp i fleire skumle situasjonar.

Magnhild Bruheim har skrive ein engasjerande spenningsroman for dei yngre lesarane, og heldigvis blir det fleire bøker om søskena Stian og Stine og alle mysteria dei rotar seg opp i!

Magnhild Bruheim debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997, og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom.

I 2005 gav Bruheim ut den historiske romanen Trolldomskraft, som byggjer på ei verkeleg hending frå 1730 – ei 13 år gammal jente blir skulda for hekseri og ventar på dommen sin.

Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar.

Det som ein gong var (2010) er ei gripande oppvekstskildring som gir eit godt innblikk i ei ung jentes oppvekst på 60-talet, med mange tidsriktige detaljar; filmstjerner, songarar, bilmerke, slagerbøker, papirdokker, mote og musikk. Boka er ifølgje Bruheim sjølv den mest personlege ho har skrive.

Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.

View Event →
Oct
31
8:30 AM08:30

Program 1. - 4. klasse - Laura Djupvik

God dag, herr Jul! Ei moderne juleforteljing

Malin og veslesystera Molla har flytta inn i eit gamalt trekkfullt hus, i ein by dei så vidt kjenner og utan pappa. Alt er annleis, men jula kjem vel uansett. Eller gjer ho det? Ifølgje Onkel Thor kjem det heilt an på engelen Gabriel og ei rekkje andre ting om det i det heile blir jul. Og lenger ned i gata bur Henrik, den spesielle guten som kan alt om ord.

Kvifor landar det heile tida nye juletre utanfor huset til naboen? Og kva er det naboen gøymer der inne? Englane kan umogleg ordne alt åleine. Så Malin må trå til, saman med Molla og Henrik og fleire til.

Ei vakker og moderne juleforteljing, fylt med varme og undring.

Laura Djupvik er forlagsarbeidar, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre, men bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013.

View Event →