Filtering by: 2015

NYnorsk standard med Voss storband og Marerutt
Nov
1
3:30 PM15:30

NYnorsk standard med Voss storband og Marerutt

NYnorsk standard

Førestillinga er eit samarbeid mellom Voss Storband og Marerutt. Publikum vert servert musikk frå den store amerikanske perioden av storbandjazz med standardlåtar, her ikledd nynorsk språkdrakt. Det vert god stemning med svingande musikk og humoristiske innslag. Nynorske litteraturdagar kan vel ikkje få ei betre avslutting enn dette! 

Voss Storband:

Vart skipa i 1974 og har storbandjazz som sin musikalske profil.

Saksofon: Jan Tvilde, Åse Marie Jordal, Daniel Lid, Rune Rønhovde, Halvard Bjørgo 

Trompet: Styrk Opheim, Lillian Hjelmelan,Trond Remme, Jostein Bøyum, Arild Hellesøy

Trombone: Berit Veka, Gjertrud Karevoll 

Komp: John Taylor, Erlend Styve, Bjørne Møen, Trond Matre

Foto: Lisa Maria Breistein Sølvberg, Avisa Hordaland

Marerutt:

Marit Norheim Olde og Ruth Kristin T. Trå, revyduo frå Voss som har vunne prisar på NM i revy og fleire andre revyfestivalar.

View Event →
Flåm musikklag - stumfilmkonsert; One week av Buster Keaton
Nov
1
3:00 PM15:00

Flåm musikklag - stumfilmkonsert; One week av Buster Keaton

Foto: Rolf Engløkk

Foto: Rolf Engløkk

Vårt eige Flåm musikklag under leiing av dirigent Martin Hendriks vil spela stumfilmkonsert i Aurland som del av avsluttinga av Nynorske litteraturdagar. 

Nynorske litteraturdagar har frå starten hatt ein tradisjon for å kombinera språk og musikk. Flåm musikklag kjem difor i år med noko veldig spesielt. Dei skal syna fram ein stumfilm, nesten 100 år gammal, og spela musikken synkront med filmen. Du får altså ei filmoppleving med levande orkestermusikk på kjøpet!

One week av Buster Keaton, 1920

One week av Buster Keaton, 1920

Filmen ’One Week’ av Buster Keaton er eit lite meisterverk på 20 minutt frå 1920. Det er ei humoristisk skildring av ei veke i livet til eit nygift ektepar, som får eit noko spesielt hus i bryllaupsgåve. Filmen eignar seg for alle aldrar. 

View Event →
Dukketeater - Snøhumla Mille
Nov
1
1:15 PM13:15

Dukketeater - Snøhumla Mille

I 2013 gjorde Janne Marit Øye stor suksess med barneboka Snøhumla Mille - ei hjartevarm forteljing om korleis det er å vere eit bittelite dyr. Ei forteljing som denne om humla Mille kan òg fort kome til å setje i gang produksjon av spørsmål rundt humlene, som korleis og kor lenge dei lever og slike ting. Og no har Janne Marit Øye gjort boka om til dukketeater - som me trur vil gleda dei minste tilhøyrarane på Nynorske litteraturdagar stort. 

Dukkene er laga av Marit Torgersen, og forteljar er Janne Marit Øye sjølv.

Foto: Ørsta bibliotek

Foto: Ørsta bibliotek

View Event →
Litterær samtale: Eit tidsrom - med Finn-Egil Eide & Ove Eide
Nov
1
1:15 PM13:15

Litterær samtale: Eit tidsrom - med Finn-Egil Eide & Ove Eide

Lyrikaren og kunstnaren FInn-Egil Eide frå Nordfjordeid, kjem til Nynorske litteraturdagar med den heilt ferske diktsamlinga "Eit tidsrom". Eide kjem for å ha ein litterær samtale med Ove Eide - som har vitja Nynorske litteraturdagar mange gonger før - om både  kunsten og lyrikken.

Finn Egil Eide fyller 75 år i år, og har ei lang karriere som kunstnar og forfattar bak seg. 

Ove Eide

Ove Eide

Ove Eide kjenner Finn-Egil Eide godt. Ove Eide har redigert, skrive og gjeve ut over 20 bøker, og er no pensjonert lektor i norsk og mediefag ved Firda vidaregåande skule på Sandane i Sogn og Fjordane. Han har hatt ei rekkje tillitsverv i organisasjonar, mellom anna vore styreleiar i Nordfjord Folkemuseum. Fram til 2013 var han leiar i Språkrådet sitt fagråd for skule og offentleg forvaltning. 

View Event →
Aktuelt: utanlandsk litteratur i nynorsk omsetjing
Nov
1
12:15 PM12:15

Aktuelt: utanlandsk litteratur i nynorsk omsetjing

Me er mange som har slukt bøkene til både Elena Ferrante og Anna Gevalda i nynorsk omsetjing - bøker som fengar svært mange lesarar landet over. Nokre av kommentarane ein ofte høyrer i samband med at folk les bøker som desse, er at dei "ikkje la merke til at dei var omsett til nynorsk". Kva kriterium vert lagt til grunn når forlaga vel seg ut utanlandsk litteratur til nynorsk omsetjing? Er dei bøkene spesielt gode? Eller er det slik at nynorsk er ei spesielt god målform til nettopp dette føremålet? Kanskje får me svar på nokre av desse spørsmåla når omsetjarane Øystein Vidnes og Øystein Rosse kjem saman til samtale i samband med Nynorske litteraturdagar.

Øystein Rosse har omsett bøker til både bokmål og nynorsk i ei årrekke, og spesielt kjend er arbeidet han har gjort med danske Lene Kaaberbøl sine bøker: VILLHEKS-serien, KATRIONA-serien og ikkje minst SKAMMAR-serien. I dag er CHERUB-serien til Samlaget (nynorsk) og RUBY REDFORT-serien til Mangschou (bokmål) noko av det viktigaste Rosse jobbar med.

Rosse tek også del i skulearrangementet under Nynorske litteraturdagar, der Kaaberbøl si bok "Skammarens dotter" vil vera tema på ungdomsskulen i Aurland. 

Øystein Vidnes  er forfattar, kritikar, omsetjar og grafisk designar. Vidnes fekk Kulturdepartementet sin kritikarpris i 2010. Medredaktør i tidsskriftet Vagant. Nyaste omsetjing: April av Angelika Klüssendorf (Skald forlag 2015). Bur i Leikanger.

View Event →
Litterær samtale - Ragnar Hovland & Jan H. Landro
Nov
1
11:00 AM11:00

Litterær samtale - Ragnar Hovland & Jan H. Landro

Foto: Eli Berge

Foto: Eli Berge

Det er ei glede å kunna annonsera at sjølvaste Ragnar Hovland kjem til Nynorske litteraturdagar. Publikum vil få møta han i samtale med bokbadar Jan H. Landro. Ragnar Hovland har ein lang og variert forfattarskap bak seg, og har motteke ei mengd prisar opp gjennom åra. Kven veit kva retning denne samtalen kjem til å ta!  Bli med på eit litterært djupdykk inn i Hovland sin forfattarskap!

Ragnar Hovland er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar. 

Jan H. Landro , journalist og forfattar. Han var tilsett i Bergens Tidende 1978–2012, der han var kulturjournalist frå 1978, kulturredaktør 2006–2011 og redaktør for lesarkontakt 2011–12. I åra 1986-1989 var han redaksjonsjef i J.W. Eides Forlag. I ti år frå 1991 skreiv Landro forfattarpresentasjonar til bokserien «Årets bibliotek» som De norske Bokklubbene i 2000 samla i Århundrets forfattere. No jobbar han som frilansar i eige firma, KulturLandro. Han er mest kjend som journalist, skribent, foredragshaldar, forfattar og "bokbadar". 

Stup uti med Hovland & Landro!

View Event →
Laurdagskonserten med Åshild Mundal
Oct
31
to Nov 2

Laurdagskonserten med Åshild Mundal

Nynorske litteraturdagar handlar ikkje berre om forfattarar og litteratur, men også om kvalitetsmusikk på norsk. Og Åshild Mundal må ein kunna hevda passar særs godt til skildringa, sidan ho leverer fantastisk flott musikk på klingande sognamål. Åshild Mundal debuterte i 2011 med plata "Fritt fall", og følgde opp tidlegare i år med plata "Hotell" - til fantastisk mottaking. Og endeleg kjem ho altså til Nynorske litteraturdagar!

Les meir

View Event →
Soga om Seselja
Oct
31
to Nov 1

Soga om Seselja

seselja

Forfattar Ruth Lillegraven tek med seg musikar Tuva Syvertsen frå Valkyrien Allstars, og folkemusikar Rannveig Djønne til Nynorske litteraturdagar for å framføra "Soga om Seselja - eit portrett i ord og tonar". Dikta som "Soga om Seselja" byggjer på er henta frå Lillegraven si bok Urd - som ho fekk Brageprisen for i 2013. Musikken til soga er ein kombinasjon av nyskriven musikk og tradisjonell folkemusikk - og med tre slike damer på same scene kan det berre bli fantastisk!


View Event →
Populærmusikk Ispedd Litt Sladder - Tokvam&Ose
Oct
31
9:30 PM21:30

Populærmusikk Ispedd Litt Sladder - Tokvam&Ose

PILS

Du visste kanskje at Ozzy Osbourne beit hovudet av ei flaggermus under ein konsert i 1982, og at Eric Clapton stal kona til bestevenen George Harrison. Men visste du at Phil Collins deltok som trommeslagar for den norske duoen Tobben & Ero, eller at Corey Hart takka nei til hovudrolla som Marty McFly i filmane "Tilbake til fremtiden", fordi han heller ville satsa på musikken?

 Denne boka fortel om små og store hendingar frå pop- og rockhistoria. Forfattarane byr på historiar om talent, talent som vert skusla vekk, oppturar, nedturar, dumskap, lidenskap, sjalusi, skandalar, sex, dop og drap, tragediar, suksess og pinlege hendingar. 

 Boka er ei einaste lang speleliste der du for kvar av årets dagar får eit høgdepunkt frå pop- og rockhistoria saman med tips til akkurat kva song du skal spela denne dagen. Boka er eit must for alle faste lyttarar av NRK-programmet P.I.L.S, men vil vera til stor glede for alle pop- og rock-entusiastar.

 Bård Ose er musikkjournalist og forfatter. Han har mellom anna skrive bøker om The Beatles og Rollings Stones. Han er ein av programleiarane for radioprogramma P.I.L.S. og Radio Rock på NRK P1.

Finn Tokvam er journalist, musikar, humorist og forfattar. Han er programleiar sammen med Bård Ose i P.I.L.S og er også kjend frå programposten Radio Røynda.

View Event →
Årets festivalmiddag!
Oct
31
7:00 PM19:00

Årets festivalmiddag!

I år finn festivalmiddagen stad på Fretheim hotel kl 19-21. 

MENY: Kamskjell med blomkålpure og spekeskinke chips

             Ytrefilet av storfe servert med fleire variantar av rødbete, med raudvinsaus

             Sjokolade variasjon

PRIS: 495,- (festivalmiddagen er ikkje inkludert i festivalpass/dagpass).

PÅMELDING: Direkte til Fretheim hotell på telefon: (+47) 57 63 63 00 eller epost: mail@fretheimhotel.no

FRIST: Fredag 30. oktober kl 20.00.

 

View Event →
Ymsedamer og andre sprell - Oddvar Torsheim&Finn Tokvam
Oct
31
5:00 PM17:00

Ymsedamer og andre sprell - Oddvar Torsheim&Finn Tokvam

Foto: Paal Bråtelund

Foto: Paal Bråtelund

Oddvar Torsheim er kjend for dei fleste for sin karakteristiske strek og underfundige humor og kommentar. Multikunstnaren Oddvar Torsheim blir å treffa på Nynorske litteraturdagar, og det ser me så fram til at me tel ned dagane til siste helga i oktober! Torsheim tek med seg den siste utgjevinga si, Ymsedamer, og mange av oss vil nok kjenna oss att i både Appelsindronninga, Lyn-Lotte og Tina Timeglas med fleire. 

Publikum vil få møta Torsheim i samtale med Finn Tokvam - to karar som verkeleg får fram det beste i kvarandre, med både humor og varme i kjend stil!

View Event →
Sigri Sandberg - Frykt og jubel i Jotunheimen
Oct
31
3:30 PM15:30

Sigri Sandberg - Frykt og jubel i Jotunheimen

  • Boklansering: Fretheimsalen, Fretheim hotel (map)
  • Google Calendar ICS
Sandberg

Sigri Sandberg sette seg eit mål om å skriva forteljinga om Hurrungane i Jotunheimen - og om kvinnfolk som har levd med dei og klatra mot dei – eller ikkje brydd seg om dei. Til Nynorske litteraturdagar kjem ho faktisk for å lansera den sprett nye boka "Frykt og jubel i Jotunheimen", der ho skriv levande om korleis Noregs flottaste alpine fjellområde vart til, om mytologi og jotnekvinner, fangst og budeier. Og kanskje får me også høyra om korleis det gjekk då Sandberg sjølv prøvde å klatra nokre av desse kvasse tindane i somar? Sandberg sin forfattarskap er variert, og inneheld alt frå grunnleggande turtips til bøker om fjelldronninga Cecilie Skog. Sigri Sandberg er kjend som ein framifrå forteljar og foredragshaldar, som me får møta i Fretheimsalen laurdag ettermiddag.

Les meir

View Event →
Litterær samtale: Ruth Lillegraven og Jan H. Landro
Oct
31
2:00 PM14:00

Litterær samtale: Ruth Lillegraven og Jan H. Landro

lillegraven

Brageprisvinnaren Ruth Lillegraven kjem til Nynorske litteraturdagar! 

Lillegraven er ei av dei sterkaste litterære stemmene i Noreg i dag, og me er så heldige at me skal få oppleva ho i samtale med Jan H. Landro.

Ruth Lillegraven kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut romanen Mellom oss og diktsamlinga Urd, som ho vann Brageprisen og bokbloggarprisen 2013 for, og Manilahallen (2014). Ho har i tillegg gitt ut fire bøker for små barn om søskenparet Mari og Magnus. 

Jan H. Landro (fødd 1948), journalist og forfattar. Han var tilsett i Bergens Tidende 1978–2012, der han var kulturjournalist frå 1978, kulturredaktør 2006–2011 og redaktør for lesarkontakt 2011–12. I åra 1986-1989 var han redaksjonsjef i J.W. Eides Forlag. I ti år frå 1991 skreiv Landro forfattarpresentasjonar til bokserien «Årets bibliotek» som De norske Bokklubbene i 2000 samla i Århundrets forfattere. No jobbar han som frilansar i eige firma, KulturLandro. Han er mest kjend som journalist, skribent, foredragshaldar, forfattar og "bokbadar". 

Stup uti med Lillegraven&Landro!


View Event →
Litterær samtale: Rune Timberlid og Jan Inge Fardal
Oct
31
12:30 PM12:30

Litterær samtale: Rune Timberlid og Jan Inge Fardal

timberlid

Rune Timberlid kjem til Nynorske litteraturdagar med den siste boka om politietterforskaren Rolf Randen. I boka, Satans mor, blir ein cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. Det kan bli spennande å lytta til samtalen mellom Timberlid og Jan Inge Fardal frå Sogn Avis, med cruisekaien i Flåm rett utanfor. Men spenning vil me ha!

Rune Timberlid  er journalist og kriminalforfattar. Han har, sidan debuten i 1991, skrive fleire bøker om politibetjent Rolf Randen frå Høyanger, m.a. Deadline (2006) og Operasjon Siskin (2008). Timberlid er fødd i Sogndal og utdanna journalist frå Norsk Journalisthøgskole. Han har mellom anna arbeidd i Aftenposten, Dagbladet, NTB og Sogn Avis og Firda, der han var redaktør i 1990–1995. Timberlid er busett i Førde og er seniorrådgivar i kommunikasjonsavdelinga i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

 Jan Inge Fardal er redaktør i Sogn Avis.

Les meir

View Event →
For born: Frøppeldunk
Oct
31
11:30 AM11:30

For born: Frøppeldunk

Eventyrleg forteljing om venskap, campingplassliv og miljøvern!

Det er viktig for Nynorske litteraturdagar at born også skal få gode kulturopplevingar, og i Flåmsdalen på Fretheim vil dei få møta forfattaren Berit Rødstøl med boka Frøppeldunk

Kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane forsvinn, ein etter ein! 

Korleis i all verda kan det ha seg? Dette må Ea og ferievennen Lars finne ut av, og det før absolutt alle fargane er vekke og heile verda blir grå!

Rødstøl vil ta borna med på ei intens jakt etter løysinga,  og alle dei rare, fine campinggjestane på Frøppeldunk blir involvert i mysteriet.

Frøppeldunk er illustrert av Christian Fjeldbu.

Om forfattaren: Berit Rødstøl (f. 1979) er forfattar, journalist og dokumentarfilmskapar.

Fretheim hotel ordnar med lett matservering, slik at barnefamiliar får høve til å få seg ei skikkeleg hyggestund på Fretheim med føde for både kropp og sjel. Matserveringa vil vera inkludert i billettprisen.

Les meir

View Event →
Flåmsbaneboka i ny drakt - Johs. B. Thue og Thomas Morel
Oct
31
11:00 AM11:00

Flåmsbaneboka i ny drakt - Johs. B. Thue og Thomas Morel

I 2002 gav SKALD forlag for første gong ut den vesle boka om den store Flåmsbana, den spektakulære togreisa som har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Norge. Over 600 000 passasjerar tek den verdskjende togturen årleg. Boka om Flåmsbana er utgitt på sju språk, i 30 000 eksemplar og har blitt ein klassikar i suvenirboksamanheng.

No har den populære turistboka kome ut på nytt, fullstendig revidert, i ny design og denne gongen med foto av Thomas Morel. Morel er ein nederlandsk fotograf, busett i Norge, som etterkvart har bygt seg opp eit stort namn. Han har gjennomført fleire spennande fotoprosjekt i inn- og utland for mellom anna Helly Hansen, Puma og NYC Ballet. Han fekk sitt gjennombrot med fotoserien av dansarane frå Nasjonalballetten.

I boka gir Johs. B. Thue ei kortfatta, lettlest og oppdatert framstilling av fakta kring den brattaste bana i verda på normalspor; frå jernbanehistorie, via Flåmsbygda til anleggskunst og rallarliv. Boka gir innsikt i dei historiske, kulturelle og tekniske sidene ved den kjende togreisa. Med Morel sine fantastiske bilde frå ulike årstider vil boka halde fram som klassikar i mange år.

Publikum vil få møta forfattaren og fotografen saman i Peisestova på Flåmsbrygga laurdag føremiddag.

Johs B. Thue (f. 1940) er frå Balestrand. Han er cand. philol. med historie hovudfag og arbeider no som frilansjournalist og forfattar. Han har tidlegare m.a. vore stipendiat ved Bergens Sjøfartsmuseum, førsteamanuensis ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule og redaktør i Sogn Dagblad.

Thomas Morel (f. 1988) er frå Nederland og flytta med foreldra sine til Sogn i 2005. Allereie som 16-åring etablerte han si eiga bedrift, TMstudios, og tok oppdrag for familiar, bryllup, konfirmasjon og anna studiofotografi. Han jobbar no på heiltid som sjølvstendig kunstfotograf, og bildene hans er brukt av mellom anna Helly Hansen, Puma, Norges Bakeriene , Maui Theatre, RIMI, NYC Ballet, Hasselblad og Armin van Buuren. Han har også levert utsmykning til diverse hotell og privatkunder.

View Event →
Heilnorsk americana med Baljelauget på Ægir
Oct
30
to Oct 31

Heilnorsk americana med Baljelauget på Ægir

Dette er ein kvartett frå Voss som blandar americana på norsk med folkemusikk. Namnet «Baljelauget» kjem av bassen dei nyttar, ein såkalla «washtub bass», eller vaskebalje. Dette gjev dei ein særeigen sound saman med hardingfele, dobro og trommer.

Baljelauget framfører stusselege viser på tvangsrim om hjerte, smerte, skjemt og alvor til hardingfelespel og baljebass. Her møter amerikansk blues og bluegrass norsk folkemusikk, krydra med humor og historie.

Kvartetten frå Voss kombinerer blues og bluegrass på dialekt med norsk folkemusikk. Låtskrivar Olav Undeland, som syng låtane medan han spelar gitar, er busett på Voss, men kjem frå Ulvik. 

Arne Anderdal er opprinneleg frå Hemsedal, bur på Voss og arbeider til dagleg på Ole Bull-akademiet . Han har ein mannsalder bak seg som spelemann, og med baljelauget prøver Arne å la slåttespelet gli naturleg inn i det elles amerikanske kompet.

Svein Prestegard frå Voss trakterer det relativt kjende, men lite brukte instrumentet baljebass. Det er rett og slett ein sinkbalje, eit kosteskaft og snor brukt som einstrengsbass. Han finn (som regel) tonane ved stramma snora med kosteskaftet, balje fungerer som resonanskasse. Baljebassen (Washtub bass) er eit typisk amerikansk "Jug-band"-instrument som gjev bandet ein heilt spesiell låt.

Helge Opdahl er freelance trommeslagar og perkusjonist, i tillegg tidvis utøvande på saksofon, trompet, bass, gitar og tangentinstrument. I Baljelauget spelar han på ei stor samling hushaldningsutstyr.

Baljelauget går på scena på Ægir etter Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen fredag kveld.

Les meir

 

View Event →
Ægir: Alt skal ut med Hjørnevik&Iversen
Oct
30
10:30 PM22:30

Ægir: Alt skal ut med Hjørnevik&Iversen

Foto: Rolf Seierstedt

Foto: Rolf Seierstedt

Alt skal ut

Jon Hjørnevik med Dagfinn Iversen på slep.

Etter 6 diktsamlingar har Jon Hjørnevik bestemt seg for at nok nok.

Det er fullt.  Det er fullt i huset. Det er fullt i hovudet.

Det har samla seg opp og det renn over.  

Det må ryddast ut.  Så no er alle diktsamlingane samla i ei bok. 

Alt skal ut.  

I dette høve inntek Hjørnevik scena på Ægir fredag kveld. Her kjem, som vanleg, hårreisande dikt, grumsete song og dessverre Iversen på gitar. Det vert ein lang kveld i møte med alt frå  oppvekst, utvekst, nesten-kjærleik, diverse hjelpemiddel og bjørkefelling. Her er mykje å kvi seg til.

View Event →
Fretheimsalen: "Johnny tar kvelden" - ein kabaret med Hovland&Hansen
Oct
30
9:00 PM21:00

Fretheimsalen: "Johnny tar kvelden" - ein kabaret med Hovland&Hansen

Musikar og forfattar Atle Hansen var på første Nynorske litteraturdagar for 10 år sidan, så me synst det er på tide med eit nytt besøk i år. I år er det også 30 år sidan det legendariske møtet mellom forfattaren Ragnar Hovland og visesongaren Atle Hansen ved ein reol i bokhandelen Studia i Bergen - eit møte som resulterte i plata "Trøysteslaus hotell" og status som kultheltar i den nynorske undergrunnen. Hansen og Hovland tek med seg bassist Ole Amund Gjersvik og gitarist Endre Olsen til Fretheimsalen for å framføra kabareten "Johnny tar kvelden".

View Event →
Vangen kyrkje: Urframføring av tingingsverk til minne om Johannes Vinjum. Medverkande: Frode Barth, Trygve Seim, Arild Andersen, Per Oddvar Johansen.
Oct
30
7:00 PM19:00

Vangen kyrkje: Urframføring av tingingsverk til minne om Johannes Vinjum. Medverkande: Frode Barth, Trygve Seim, Arild Andersen, Per Oddvar Johansen.

Komponisten Frode Barth kjem med verket "Metamorfoser - Til minne om Johannes Vinjum" til Vangen kyrkje. Tingingsverket er ei markering av kunstnaren Johannes Vinjum sitt 85-årsjubileum. Med seg har Frode Barth dei prominente musikarane Trygve Seim, Arild Andersen og Per Oddvar Johansen. Songaren Helga Farestveit vil også ta del i konserten.

Aurland kommune har ansvaret for ei flott kunstsamling etter Johannes Vinjum - og mange av bileta i samlinga kan ein sjå i Galleri Vinjum i Heradshuset. Koplinga mellom kunstnaren Vinjum og komponisten Barth går langt attende i form av eit mangeårig venskap - så publikum har ei både personleg og storslagen musikkoppleving i vente.

2015 er året for jubileum på fleire frontar, og både Nynorske litteraturdagar og Nærøyfjorden verdsarvpark vil markera sine eigne 10-årsjubileum i førekant av konserten.  

View Event →
Fakkeltog frå AIS til Vangen kyrkje - markering av MOT sitt arbeid i Aurland
Oct
30
6:30 PM18:30

Fakkeltog frå AIS til Vangen kyrkje - markering av MOT sitt arbeid i Aurland

MOT er ein organisasjon som blei stifta 22. februar 1997 av Atle Vårvik, Johan Olav Koss, Rune Bratseth og Dag Otto Lauritzen.

MOT sin visjon er: Eit varmare og tryggare oppvekstmiljø

MOT sine verdiar er:

MOT til å leve

MOT til å bry seg

MOT til å sei nei

MOT sine prinsipp er: jobbe i førekant, sjå heile mennesket, forsterke det positive og bruke ansvarlege kulturbyggarar til å inkludere andre.

MOT jobbar i ungdomskular og vidaregåande skular.

Her i Aurland finst MOT i ungdomskulen. Der er det pr i dag 2 MOT-informatørar som gjennomfører 15 økter i ungdomskulen og 2 foreldreøkter. Gjennom øvingar og refleksjon saman med elevane jobbar me for at elevane skal bli meir bevisste og at dei tek til seg MOT sine verdiar slik at dei blir i stand til å ta eigne bevisste val i livet.

Kvart år arrangerer me MOT til å glede-dagen den 23. november. Då skal ungdomane ut i bygda og glede nokon, ulike aktivitetar har bl.a. vore leik med barnehageborna, utdeling av vafler på rådhuset og song og musikk på sjukeheimen.

I år er MOT i Aurland delaktige i Meistringsreisa. Me har hatt ein ungdom på camp i Trondheim og det skal arrangerast Meistringsdag på skulen 4. november.

Me håpar at me i løpet av vinteren også kjem i gang med tiltaket Ungdom med MOT. Her vil ungdom som utmerkar seg som gode rollemodellar få skulering av andre i MOT organisasjonen slik at dei kan bli gode kulturbyggarar i sitt lokalmiljø.

Nynorske litteraturdagar ønskjer å vera ein støttespelar for MOT i Aurland, og skipar difor til fakkeltog med sal av faklar og MOT-effektar for å markera MOT sitt arbeid i Aurland etter opningskonserten vår. Pengane som kjem inn vil bli sett av til eit konkret tiltak retta mot ungdommar i Aurland. Me ser føre oss at dette blir ei stemningsskapande og fin stund, som også vil koma ungdommane i Aurland til gode! Møt fram og støtt opp om dei flotte ungdommane i Aurland!

Fakkeltoget startar utanfor Aurland idretts-og samfunnshus etter opningsarrangementet, og vil gå til Vangen kyrkje. 

View Event →
Opning av festivalen i Aurland idretts- og samfunnshus
Oct
30
5:30 PM17:30

Opning av festivalen i Aurland idretts- og samfunnshus

Opningsarrangementet vårt vil tradisjonen tru vera ei høgtidleg opning av årets Nynorske litteraturdagar. Aurland musikk- og kulturskule vil bidra med musikk, og i tillegg vil de få  andre drypp frå programmet. Nokre utvalde talarar vil også ta ordet.

Nynorske litteraturdagar feirar 10 år, og i det høvet har fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad sagt seg villig til å stå for den offisielle opninga. Nynorske litteraturdagar 2015 skal bli ei skikkeleg feiring av 10 år med litteratur- og kulturfest i Aurland - noko me vonar programmet vårt attspeglar. 

Detaljert program for opningskonserten vil koma om ikkje lenge.

View Event →
For skulane: Forfattarbesøk frå Rolf Losnegård og Berit Rødstøl
Oct
30
9:00 AM09:00

For skulane: Forfattarbesøk frå Rolf Losnegård og Berit Rødstøl

Tradisjonen tru satsar Nynorske litteraturdagar stort på formidling av god nynorsk litteratur på dei lokale skulane. Og tema i år er Naturleg, med fokus på klima og miljø. Forfattarane som kjem på besøk i år er begge opptekne av miljø og klima, og nyttar dette som tema i bøkene sine.

Berit Rødstøl har skrive boka Frøppeldunk, som er ei eventyrleg forteljing om venskap, campingplassliv og miljøvern. I boka møter me Ea, som kvar somar reiser med mor si til campingplassen Frøppeldunk for å fiska, bada og treffa att sommarvener. Men denne somaren skjer det noko uventa; fargane forsvinn – ein etter ein! Ea og ferievenen Lars må finna ut kva som har skjedd – og då helst før alle fargane forsvinn og verda blir heilt grå.

Dei eldste elevane frå 4.-7. klasse vil få møta forfattaren Rolf Losnegård. Som liten gut var han skikkeleg redd for vatn – og etter flaumen i Flåm i fjor reknar han med at mange ungar i Aurland og Flåm har gjort seg tankar kring at vatn kan vera både trugande og farleg.

Så kva gjer ein om ein er livredd vatn? Og om ein var ein isbjørnunge med vatnskrekk – kva då? I boka Frese-sky-flyet møter me ein isbjørnunge som er livredd vatn og ein oppfinnar som lagar eit fly som fresar bort skyene slik at isen smeltar og havet stig. Til slutt har ikkje isbjørnungen eit einaste isflak att å stå på!

Losnegård hadde sjølv vatnskrekk då han var liten, og har difor skrive forteljinga om isbjørnungen Burrr. Ei litt spinnvill og på same tid alvorleg forteljing.

Nynorske litteraturdagar ser fram til møtet mellom elevane og forfattarane Rødstøl og Losnegård. Føremålet er at bøkene, tematikken og samtalane skal setja i gang tankane og undringa – og at elevane vil sitja att med ny kunnskap og nye perspektiv når det gjeld nynorsk litteratur, klima og miljøvern.

 

View Event →
For ungdomsskulen i Aurland: Film, bok og omsetjing med Øystein Rosse
Oct
30
9:00 AM09:00

For ungdomsskulen i Aurland: Film, bok og omsetjing med Øystein Rosse

Nynorske litteraturdagar har i samarbeid med Aurland bibliotek og Trudvang kino sett saman eit spennande opplegg for ungdomsskulen i Aurland i år.

På morgonen fredag får ungdomsskuleelevane i Aurland tilbod om å sjå filmen Skammarens dotter på Trudvang kino. Filmen er basert på romanen med same namn skriven av den danske forfattaren Lene Kaaberbøl. Boka finst på norsk i nynorsk omsetjing, og elevane vil få møta omsetjaren Øystein Rosse på biblioteket etter at dei har sett filmen. Boka har elevane lest i fellesskap på førehand – så her ligg alt til rette for spennande spørsmål og samtalar kring boka, språket og nynorsk. Øystein Rosse er i tillegg ein skikkeleg Kaaberbøl-entusiast, og er sjølv svært glad i boka Skammarens dotter. Han er ein ypparleg formidlar, og vil koma elevane i møte med interessante perspektiv på språk og omsetjing. 


View Event →