Filtering by: 2019
Oct
18
7:00 PM19:00

Åpninga!

Livsglede1.png

Med eit tema som “Livsglede” kan me røpe at innhaldet i åpningsarrangementet vil prøve å spegle det på finurleg vis!

Me inviterer til drypp frå programmet, spenstige tonar frå “Stilige Dan” og kanskje ei lita overrasking!

Du er hjarteleg velkomen til å vere med!

View Event →
Oct
18
8:00 PM20:00

Bokpresentasjon Gunnar Garfors "Ingenstad"

gunnargarfors.jpg

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE REISE!

Gunnar Garfors er kjent for å ha reist verda rundt. På sine turar har han møtt menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Når Garfors er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er.

I boka Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Han har vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok.

Ingenstad møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen – landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året.

View Event →
Oct
18
9:00 PM21:00

Brit Bildøen m/fl : "Patti Smith på nynorsk"

thumbnail_David Aasen-pattismith.jpg

Patti Smith på norsk er eit samarbeid mellom songaren Kari Harneshaug og forfattarane Brit Bildøen, Ragnar Hovland og Agnes Ravatn, som har omsett songtekstar av Patti Smith til nynorsk. Framføringa inneheld musikalske tolkingar av Kari Harneshaug og gitarist Karl Klaseie, og prat og opplesing av Brit Bildøen frå memoarbøkene Just Kids og M Train. 

 Omsetjinga blei støtta av Kulturrådet, utval for litteratur, og sidan har dei gjort framføringar ved Trondheim Folkebibliotek, Littlarm i Øystese, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Bøker i Bø, Dei nynorske festspela og Munch-museet i høve Munch/Mapplethorpe-utstillinga. 

View Event →
Oct
18
to Oct 19

Stein Torleif Bjella - konsert!

Foto: Therese C. Wangberg

Foto: Therese C. Wangberg

Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten Heidersmenn i 2009. Me har sidan fått vere med på ei reise gjennom eit musikalsk landskap fullt av motbakkar og store djup, overhengande melankoli og underliggjande komikk.

Han har ei fantastisk evne til å beskrive livet og me må både le og gråte i møte med denne  karen frå Ål, med det fandenivoldske skråblikket på livet. Me gler oss til å dele denne konserten med deg på fredagskvelden!

View Event →
Oct
19
12:00 PM12:00

Bokpresentasjon Sigri Sandberg "Mørke"

Foto: Birger Amundsen

Foto: Birger Amundsen

MØRKE : STJERNER, REDSEL OG FEM NETTER PÅ FINSE

Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934.

Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur? 

View Event →
Oct
19
2:00 PM14:00

Bokpresentasjon Lars Svisdal "Seg til inkjes"

Foto: Paul S. Amundsen

Foto: Paul S. Amundsen

Lars Svisdal er oppvaksen i Sunndal på Nordmøre. Han er utdanna innan litteraturvitskap, engelsk og nordisk språk og litteratur, og har tidlegare vore med på å gi ut tidsskriftet Ir. Han bur no på Leikanger i Sogn og jobbar som lærar. For sin første roman, Seg til inkjes (2018), blei han tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris.

-  Sjølvsagt er det store ting å få denne prisen. Eg har skrive med overlegg lenge. Veldig lenge. At det finst verdi for andre i skapningen alle desse åra har avfødd, er på eit nivå forbløffande. Dette er ikkje ein måte å leike audmjuk på, eg veit kva verdi boka har for meg. Lell er det noko heilt eige å bli minna på den forbløffande verdien ei bok kan ha for nokon som ikkje har sete å brote opp og stokka om og brote opp att alle desse setningane for å tyne det rette inn i dei. Sjølvsagt er det derfor store ting når påminninga er nett denne prisen, sier Lars Svisdal. 

Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar – og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.

View Event →
Oct
19
3:00 PM15:00

Bokpresentasjon Åsmund H. Eikenes "Håkon"

Foto: Tove Breistein

Foto: Tove Breistein

Åsmund H. Eikenes har tidlegare gitt ut sakprosabøkene “handboka” ((2016) og “Sprut” (2018). Han er biolog og forskningsformidlar, og har fått mange lovord om “Håkon”, som er den første romanen hans. Eikenes er frå Leikanger i Sogn og bur i Oslo.

Håkon er ei moderne kjærleikshistorie om å vera i starten av 30-åra og ikkje ha funne plassen sin i livet, verken åleine eller saman med andre.

Me gledar oss til å høyre på Åsmund!

View Event →