Kjære publikum!

avlyst-bilde.png

Kjære deg som gleda deg til Nynorske litteraturdagar 2020

Me har prøvd å vere optimistar til det siste, og vona me kunne gjennomføre festivalen vår slik som planlagt. Me kjente på at me var så heldige som hadde fått så mange flotte namn på programmet, og gleda oss til å promotere det.

Med den auka smittefaren me ser i landet rundt no, så må me ta hensyn og vere føre var. Etter å ha samrådd oss med eigar av festivalen, som er Aurland kommune,  har styret teke avgjerda, og me må difor melde frå om at Nynorske litteraturdagar 2020 er avlyst.

Ta godt vare på dykk sjølve i tida som kjem – me klarar dette også!

NL2021Guest User