Nynorske litteraturdagar

Folkeleg - Raus - Levande

Nynorske litteraturdagar er ein liten og intim litteraturfestival, fullspekka med kjende og ukjende aktørar. Litteratur, språk, musikk, kunst og humor utgjer eit årleg kulturarrangement som me er svært stolte av å vera vertskap for.

Det er Aurland kommune som står bak Nynorske litteraturdagar. Det heile starta med at tidlegare ordførar, Olav J. Ellingsen, tok til å dela ut nynor­ske songbøker til alle nyfødde born i kommunen. Seinare kom "Song for livet", ei større kultursatsing med vekt på den nynorske songskatten. Her samarbeida barnehagane, grunnskulen, kulturskulen og det frivillige kulturlivet. Sommaren 2006 starta Aurland kommune opp prosjektet LITTKRIT. Her fekk ungdomar tilbod om sommarjobb, der dei skulle lesa og analysera nynorsk samtidslitteratur. Nynorske litteraturdagar er ei vidareutviklinga av desse tiltaka.

Årleg kulturarrangement

Målet med Nynorske litteraturdagar har vore å etablera eit stort årleg kulturarrangement med vekt på nynorsk litteratur og språk. Me ynskjer også for framtida å laga eit program som appellerer til ulike målgrupper, både i høve til alder og interesseområde. Nynorske litteraturdagar skal ha regional og nasjonal profil, tufta på ei solid lokal forankring. Me har tru på at denne satsinga vil vera med på å byggja opp om ein positiv identitet, i høve til bruk av nynorsk og dialekt. Dette må me kunna seia at me har lukkast med så langt, for i 2015 kunne me feira heile 10 år! 

Ved tidlegare litteraturdagar har me mellom anna hatt besøk av Frode Grytten, Erling Lægreid, Ragnar Hovland, Tove Bakke, Brit Bildøen, Are Kalvø, Agnes Ravatn, Olaug Nilssen, Rønnaug Kleiva, Ola og Lars Bremnes, Sigrid Moldestad, Lars Klevstrand, Geirr Lystrup, Olav Stedje, Finn Tokvam, Arthur Arntzen, Per Inge Torkelsen, Linda Eide, Åsleik Engmark, Tønes, Lomsk, Rita Eriksen og mange andre aktørar som har gjeve oss fantastiske opplevingar.

Nest siste helga i oktober

Nynorske litteraturdagar er lagt til slutten av oktober. Mørke haustkveldar gjev ei spesiell stemning. Tradisjonsrike Fretheim Hotel i Flåm er festivalhotell. Saman med Ægir Bryggeri og Pub, Flåmsbrygga og Flåm Panorama, har me mange flotte og særeigne lokale, som bidreg til å laga fine råmer kring arrangementet. I tillegg er fleire av dei andre attraksjonane i kommunen arena for ulike delarrangement. Både kyrkjene våre, Flåmsbana og Nærøyfjorden har vore nytta til å lyfta fram dei litterære og musikalske opplevingane.

Me vonar du som publikum får gode opplevingar hjå oss, og at me kan leva opp til slagorda våre: Folkeleg - Raus - Levande.