Ny dag, nye sjansar!

Karl Seglem er klar for å trollbinda oss med urtonar ute på Nærøyfjorden i kveld!

Karl Seglem er klar for å trollbinda oss med urtonar ute på Nærøyfjorden i kveld!

Då er me klare for ein ny dag her på Nynorske litteraturdagar i Aurland - og på same tid pustar me letta ut etter ein heilt fantastisk fredagskveld med Gabriel Fliflet, Kirsten Bråten Berg og Anders Røine, Gudmund Skjeldal og Kristian Finborud og Finn Tokvam, Olav Stedje og Halvor Folgerø! For ein gjeng!

Franz Kafka på nynorsk!

Franz Kafka på nynorsk!

I dag startar me dagen med lansering av Meelis Friedenthal si bok Biene i nynorsk omsetjing. Deretter steppar Jan H. Landro inn for Kjartan Fløgstad - som diverre måtte melda avbod. Landro kjem til å presentera den komande biografien om kunstnaren Bernt Tunold, som vil vera klar frå Selja Forlag 8. november. Vidare går det slag i slag med SKALD forlag sin klassikar-serie på nynorsk - også dette eit resultat av at Gunnhild Øyehaug måtte melda avbod. Men klassikar-serien er eit spennande og spenstig prosjekt frå forlaget på Leikanger, som no i første omgang kan by på Forvandlinga av Franz Kafka og Frankenstein av Mary Shelley i nynorsk omsetjing. For som forlagssjef Stibbe seier - kvifor skal me ikkje få lesa verdslitteraturen på nynorsk? 

Sylfest Lomheim har også meldt at han kjem innom oss no på føremiddagen, for å dela "Ord og tonar om grenser" med oss. Ein spennande bonus for oss som måtte endra programmet i siste liten!

Sylfest Lomheim vil dela nokre refleksjonar med oss kring grenser. 

Sylfest Lomheim vil dela nokre refleksjonar med oss kring grenser. 

Vidare går me i gang med "Våre diktande mødre" - der Ragnhild Sælthun Fjørtoft kjem til å samtala med Olav Vesaas og Magnus Takvam om mødrene deira, Halldis Moren Vesaas og Marie Takvam. Klaus Hagerup er diverre sjuk, og ber oss helsa at han er svært lei seg for at han ikkje kan koma. Men Ragnhild, Olav og Magnus gler seg til å treffa publikum på Nynorske litteraturdagar!

Når kvelden så nærmar seg er me klare for Tidlaust landskap med Karl Seglem, Jonas H. Sjøvaag og Jorunn Barane ute på Nærøyfjorden - før me held fram på Fretheim Hotel utover kvelden og natta med både festivalmiddag, Longhorn-konsert og konsert med Tor Jonsson Orkester og Aasmund Nordstoga. 

Vel møtt alle!