Transportmoglegheiter i samband med festivalen

Aurland Taxi

Aurland Taxi gir 10% avslag for alle festivalgjengarar som ønskjer å nytta seg av drosje. Tilbodet gjeld alle med billett til Nynorske litteraturdagar. 

SENTRALBORD: Tlf 90130808

Buss

Det blir sett opp buss frå Flåm til Gudvangen for dei som skal vera med på båttur med Vision of The Fjords og konsert ute på Nærøyfjorden laurdag 22. oktober. Bussane går frå Flåm kl 1630, kl 1645 og kl 1700. Båten legg frå kai ca kl 1730, og vil vera tilbake i Flåm i god tid før festivalmiddagen kl 2000. Lett servering ombord. 

NB! Stengde tunnelar

Kjem du til oss med personbil, må du passa på å ta omsyn til stengde tunnelar der bilar slepp gjennom med jamne mellomrom. Slik er stoda per 20.10.2016:

Ev 16

Gudvangatunnelen, på strekninga Voss - Lærdal

Sogn og Fjordane

Forseinkingar på inntil 3 timar grunna av vegmerkingsarbeid i periodane: Måndag til fredag og søndag frå kl 20:00 til 06:00 (neste dag).

Langstenging kl  23:00-02:00. Kolonnetider: 21:00, 22:00, 23:00, 02:00, 03:00, 04:00, 05:00 og fri ferdsle kl. 06:00.

Gjelder frå: 16.10.16 kl. 20:00 Gjelder til: 17.12.16 kl. 06:00

Ev 16

Fretheimtunnelen, på strekninga Voss - Lærdal

Sogn og Fjordane

Kan bli stengt i periodar på inntil 1 time på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag til fredag og søndag frå 20:00 til 06:00 (neste dag).

Tidspunkt for kolonnekøyring er: kl 20:20, 20:45, 21:30, 22:30, 23:30, 00:30, 01:30, 02:30, 03:30, 04:30 og 05:30. Kolonnetidene er tilpasset tidene i Gudvangatunnelen.

Gjelder fra: 17.10.16 kl. 20:00 Gjelder til: 12.11.16 kl. 06:00