Billettsalet er opna!

Då er me på nett med billettsalet vårt! Me forventar at dei mest populære arrangementa våre vert fort utselde - så det er ingen grunn til å venta for lenge med å kjøpa billettar. Festivalpass lønner seg sjølvsagt for dei som vil ha med seg mest mogleg - her er rabattane gode! 

Som i fjor trekker me ein heldig vinnar blant festivalpasskjøparane våre - som kan vinna eit gratis opphald i dobbeltrom på Fretheim hotel under festivalen 21.-23. oktober 2016. Vilkår: du må kjøpa festivalpass FØR 10. oktober 2016. 

Vel møtt til ei fantastisk helg i vakre Aurland! 

Nynorske litteraturdagar ombord i Vision of The Fjords i Nærøyfjorden. Bli med du også!

Guest User