NATURLEG

Nynorske litteraturdagar i Aurland feirar i 2015 10 årsjubileum og inviterer til tre dagars feiring av det kulturelle og litterære slaget 30. oktober-1. november. Jubileumsåret vert feira med eit passande tema: NATURLEG.

 Litteratur, språk, kunst og musikk har på ein eller annan måte vore ein naturleg del av mennesket si historie heilt frå starten av. Det er noko grunnleggande menneskeleg ved det å uttrykka seg gjennom språk, lyd og form – og landskapet kring oss og inni oss har til alle tider vore ein inspirasjon for slike menneskelege uttrykk – og spesielt gjeld dette kunst skapt av menneske med mektige og dramatiske landskap rundt seg. Og landskapet som omkrinsar Nynorske litteraturdagar sitt kontor på Heradshuset i Aurland er i tillegg så unikt og verneverdig at det har vore på UNESCO si liste over verdsarvområde i 10 år, og det er ikkje sjeldan me kjem over attgjevingar i form av skildringar og bilete som syner det storslagne og vakre mot blå himmel og solskin. Men heller ikkje her skin sola alltid.

 Rett før Nynorske litteraturdagar gjekk av stabelen i fjor haust råka naturkreftene hardt, og menneska som bur her opplevde nokre dramatiske dagar med flaum og ekstremvêr – som førte med seg store skadar. At ei elv brått kan veksa seg stor er i seg sjølv naturleg – slik er det med elver – men for menneska som blir råka av flaum er det like naturleg å villa snakka om klimaendringar og ekstremvêr etterpå. Korleis kan me bu oss på slike hendingar – både i eit lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv? Og ikkje minst: korleis snakkar me med borna vore om slike spørsmål utan å skremma dei unødig?

 Vårt val av tema for Nynorske litteraturdagar 2015 har altså fleire sider som kan opna opp for mange ulike postar på programmet. I all hovudsak vil me lata natur- og klimaperspektivet koma til syne i barnehage- og skulearrangementet vårt fredag føremiddag, ved at me inviterer forfattarar som tek på seg den vanskelege oppgåva å røra ved klima og miljø som tema for litteraturen. Det er vanskeleg å gje gode svar på om klimaendringar er naturlege eller ikkje, men i litteraturen og kunsten kan slike tema uansett rørast ved – både med og utan blå himmel og solskin. Born og unge vil i tillegg få sjansen til å møta forfattarar som tek opp temaet elles på festivalen.

 Med temaet Naturleg vil me altså på eine sida løfta fram variasjonen og tradisjonen i ulike menneskelege uttrykksformer innanfor litteraturen, språket, kunsten og musikken, medan me på andre sida set fokus på natur og klima som tema i litteraturen. Dette meiner me gjev rom for eit program med stor variasjon og lokal forankring, som me nesten ikkje klarar å venta med å lansera for publikum!

 Nynorske litteraturdagar 2015 blir ein kulturfest – ei feiring av språk, nynorsk, dialektar og tradisjonar – hand i hand med nyskapande kunstnarar, forfattarar og musikarar. Og me kan lova at årets fest vil romma noko for dei fleste – der kultur møter natur med låg terskel, mykje varme og lun humor.