Livsglede1.png

 Festivalen ynskjer å inspirere til livsglede - til å smile, le og å finne fram livsnytaren i deg! Her kan du fråtse i opplevingar og inntrykk - du kan flire og le, humre og gapskratte - men også få inspirasjon, godt humør, gode møte og rom til ettertanke.

Nokre gonger kan livsgleda ha eit snev av sorg og melankoli over seg. Andre bestemmer seg for å fokusera på livsgleda til tross for problem og bekymringar. Me vil feira livet, gleda og smilet!

Du er hjarteleg velkomen til å vere med oss denne helga. Det vert møte med forfattarar som har tenkt tankar oom temaet, som har skrive ned sine betrakningar og gjeve liv til karakterar i forteljingar som kanskje kan inspirere oss i våre eigne liv. Det vert herlege musikalske sprell som me vonar vil gje deg lyst til å trø takten og som kan få deg til å rugge litt!