Tilbake til alle arrangementer

Bokpresentasjon Lars Svisdal "Seg til inkjes"

Foto: Paul S. Amundsen

Foto: Paul S. Amundsen

Lars Svisdal er oppvaksen i Sunndal på Nordmøre. Han er utdanna innan litteraturvitskap, engelsk og nordisk språk og litteratur, og har tidlegare vore med på å gi ut tidsskriftet Ir. Han bur no på Leikanger i Sogn og jobbar som lærar. For sin første roman, Seg til inkjes (2018), blei han tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris.

-  Sjølvsagt er det store ting å få denne prisen. Eg har skrive med overlegg lenge. Veldig lenge. At det finst verdi for andre i skapningen alle desse åra har avfødd, er på eit nivå forbløffande. Dette er ikkje ein måte å leike audmjuk på, eg veit kva verdi boka har for meg. Lell er det noko heilt eige å bli minna på den forbløffande verdien ei bok kan ha for nokon som ikkje har sete å brote opp og stokka om og brote opp att alle desse setningane for å tyne det rette inn i dei. Sjølvsagt er det derfor store ting når påminninga er nett denne prisen, sier Lars Svisdal. 

Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar – og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.

Senere arrangement: 19. oktober
Bokpresentasjon Åsmund H. Eikenes "Håkon"