Tilbake til alle arrangementer

Black Hauge - Erlend Apneseth Trio & Erlend O. Nødtvedt

  • Fretheim Hotell Nedre Fretheim Flåm, Vestland, 5743 Norway (kart)

Felles for uttrykka til Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio, er ein leiken og uredd omgang med tradisjonen. Der trioen tek i bruk element frå folkemusikken og for eksempel inkorporerar arkivopptak av stev og lokk i musikken sin, forheld forfattaren seg aktivt til tradisjonen i form av sitat, pastisjer, hyllestar og omskrivningar. Denne dialogen med tidligare verk og uttrykk har sjeldan vore tydelegare enn i samarbeidsprosjektet som tek utgangspunkt i Olav H. Hauge si dikting.

På slutten av 80-tallet las Hauge sjølv inn 99 av sine beste dikt i studio. Dette opptaket utgjer ramma for ein poesikonsert der ein ny generasjon går i dialog med ein av våre ypperste diktarar. Hauge sine eigne innlesinger vert tonsette og improviserte, men også manipulerte. Me møter for eksempel det folkekjære diktet "Det er den draumen" i ein ni minuttar lang versjon, mens andre dikt vert samplet og loopet på ein måte som uttrykkjer Hauge sin særeigne rytmikk og prosodi. Poesikonserten kan fungare både som ein introduksjon og re-aktualisering av Hauge sin poesi, samstundes som den viser korleis ein aktivt kan forhalde seg til eigen kulturarv og gjere den til sin eigen.

Erlend Apneseth Trio har dei siste åra etablert seg som ein av dei mest nyskapande og kreative konstellasjonar her i landet, med sin særeigne blanding av tradisjonsmusikk, jazz og samtidsmusikk. Alle tre utgivelsar har vorte nominert til Spellemannprisen, og dei fekk også Spellemannprisen for «Salika, Molika» (2019). Dette albumet vart også nominert til den prestisjefylte Nordic Music Prize, som ein av årets beste skandinaviske album.

Erlend O. Nødtvedt vart i 2015 kåra til en av Norges 10 mest betydningsfulle forfattere under 35 år av Morgenbladet, og diktsamlinga «Bergens Beskrivelse» kom med på NRK sin store kåring av dei mest betydningsfulle bokutgivelsar i det førre tiåret. Han har gjeve ut fire diktsamlinger, to romanar, blant anna den kritikerrosa "Vestlandet", og fått ei rekke prisar for forfattarskapet sitt, deriblant Bjørnsonstipendet og Premio Ostana.

Tidligere arrangement: 21. oktober
Opning med lokale aktørar
Senere arrangement: 21. oktober
Liv Signe Navarsete i samtale med biograf Jens Kihl