Skrivekonkurranse 2015: Å leva med verdsarven

Skrivekonkurranse: «Å leva med verdsarven»

 Den 14. juli 2015 er det 10 år sidan Vestnorsk fjordlandskap med delområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste for natur- og kulturarv av universell verdi. I samband med at Nærøyfjorden verdsarvpark – som no har ansvaret for administrasjon og drift av Nynorske litteraturdagar – lyser ut ein film- og fotokonkurranse, ynskjer Nynorske litteraturdagar å markera sitt eige 10-årsjubileum i form av ein skrivekonkurranse med same tema.  

Vinnaren av skrivekonkurransen vert premiert.

Krav til teksten:

Teksten skal vera ein skjønnlitterær korttekst, men ein står elles heilt fritt til å velja sjanger. Me tek i mot både prosa og lyrikk.

Tekstar på meir enn 2000 ord vert ikkje godtekne.

 Ein står fritt også når det kjem til tema og vinkling, men ein må på ein eller annan måte ha funne inspirasjon frå delområdet Nærøyfjorden (Vestnorsk fjordlandskap). Til dømes kan ein finna inspirasjon i området si historie, kultur, natur eller språk.

Målform: Nynorsk

Vilkår:

Nynorske litteraturdagar må få lov til å nytta teksten fritt til publisering på nettetog for å synleggjera konkurransen og organisasjonen.

Forfattaren vert sjølvsagt presentert og kreditert ved bruk.

Premiering:

Vinnaren av skrivekonkurransen vil få vurdering og rettleiing utført av konsulent frå Skald Forlag. I tillegg får vinnaren to festivalpass til Nynorske litteraturdagar 2016 og ein av fleire svært flotte premiar levert av Nærøyfjorden verdsarvpark sine mange partnarar. Det kan vera ei oppleving i verdsarvparken eller eit lokalt og kortreist produkt.

2. og 3. plass får også premiar og heider og ære i form av publisering på Nynorske litteraturdagar si nettside.

Vurdering:

Juryen vil vera sett saman av prosjektleiaren for Nynorske litteraturdagar, ein representant for Nærøyfjorden verdsarvpark, ein forfattar og ein frivillig lesehest. Forfattaren Ruth Lillegraven har sagt ja til å sitja i juryen.

 Leveringsfrist: 31. januar 2016, til epost: torunn@naroyfjorden.no. Merk eposten med «Skrivekonkurranse 2015».

 

Guest User