Filtrering etter: NL2021

okt.
24.
12:30 p.m.12:30

Bokpresentasjon Rune Timberlid

runetimberlid.jpg

Jakta på Siskin - Gestapo og Milorg i krigsdrama i Sogn

Vinteren 1945 var dramatisk for Milorg-styrken Siskin i Sogn. Ein angivar i Høyanger sette tyskarane på sporet, og Gestapo-sjefen Helmut Klötzer gjennomførte store rassiaer. Sentrale motstandsfolk vart arresterte og torturerte. Med Gestapo i hælane måtte fenrik Ragnar Ulstein og hans folk i Siskin byta hovudkvarter fleire gonger. Styrken gjekk i dekning i fjella i Indre Sogn. Med livet som innsats hjelpte mange sogningar Siskin. Det kunne kosta dyrt om Gestapo og Siskin hadde hamna i open kamp. I denne boka får du heile historia om Siskin – frå fire Linge-offiserar vart sende til Sogn i oktober 1944 til styrken overtok kontrollen i mange bygder i mai 1945.

Rune Timberlid (f. 1950) er frå Sogndal. Han har jobba som journalist, redaktør og med kommunikasjon. Timberlid har tidlegare skrive ni kriminalromanar og fleire sakprosabøker.

Vis arrangement →
okt.
24.
11:00 a.m.11:00

Bokpresentasjon Noralv Distad

noralvdistad.jpg

Lokalhistorie har vore eit felt han alltid har vore oppteken av. Som mangeåring reiselivssjef og aktiv turgåar kjenner han Aurland og områda rundt betre enn dei fleste. Barndomsbygda Fjærland kjenner han også som si eiga bukselomme. Trudde han. Det var før han byrja å leita etter ein mykje løynd del av bygda sin historie.

Krigshistore er spennande og det er alltid nye forteljingar å løfte fram Det har Noralv gjort i denne boka der han fortel om “Fjærlendingar i krig”.

Vis arrangement →
okt.
23.
til 24. okt.

Konsert med Stein Torleif Bjella

  • Nynorske litteraturdagar (kart)
  • Google Calendar ICS
Foto: Therese C. Wangberg

Foto: Therese C. Wangberg

Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten Heidersmenn i 2009. Me har sidan fått vere med på ei reise gjennom eit musikalsk landskap fullt av motbakkar og store djup, overhengande melankoli og underliggjande komikk.

Han har ei fantastisk evne til å beskrive livet og me må både le og gråte i møte med denne  karen frå Ål, med det fandenivoldske skråblikket på livet. Me gler oss til å dele denne konserten med deg på laurdagskvelden!

Vis arrangement →
okt.
23.
9:30 p.m.21:30

Konsert med Haakon Skjerdal

haakonskjerdal.jpg

Haakon Skjerdal er glad i countrymusikk. Han er også glad i nynorsk. Mange vakre låtar har han gleda seg over gjennom livet, og nokre av desse har han no laga nynorske tekstar til.

I snart ein mannsalder har musikkgleda vore noko denne karen har delt raust med andre. Song og gitar er nokre av kjennemerka hans.

Velkomen til ein flott konsert med Haakon, som kanskje også har med seg ein gjest på scena!

Vis arrangement →
okt.
23.
7:00 p.m.19:00

Jubileumsmiddag

feststart.jpg

Bli med og feir saman med oss! Det er skikkeleg stas at Aurland kommune i 15 år har arrangert litteraturdagar med stolt framsnakk av nynorsk og dialektar og flotte aktørar på scena. Mange gode krefter har arbeidd saman for å skape ei slik sprudlande helg kvar haust. Me feirar med ein herleg middag, godt selskap og med underhaldning mellom munnfullane - me gledar oss!

NB! Du bestiller festmiddagen direkte hjå Fretheim hotell.

Vis arrangement →
okt.
23.
2:00 p.m.14:00

Debatt!

SUNNFJORD-2020-05-05-kl.-18.24.47-400x400.png

“Vel er me alle sunnfjordingar for Vår Herre, men må me snakke førdiansk for det?”

Mange meiner å sjå ei utflating av dialektane i Sogn og Fjordane og er uroa for det. Somme hevdar derimot at me ikkje må vera for opptekne av å halda på alt i dei opphavlege dialektane i bygdene. Andre er uroa over at så få brukar eit nynorsk normaltalemål, og at nynorskelevane slik får lite støtte for skriftspråket sitt.

Me har fått fire språkglade samfunnsdebattantar til å seia noko om sitt forhold til dialekten sin og til desse spørsmåla:

Redaktør Arve Uglum

Nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre

Tone Merete Lillesvangstu, mangeårig NRK-journalist

Professor Øystein Vangsnes

Leiar for debatten er Jan Olav Fretland

Vis arrangement →
okt.
23.
1:00 p.m.13:00

Foredrag ved Øystein Vangsnes

øystein-vangsnes.jpg

Nynorskelevars språksjonglering

Nynorskelevane meistrar både bokmål og nynorsk, og i tillegg skriv dei på dialekt i sosiale medium og andre private samanhengar. Ein kan såleis seia at dei sjonglerer med tre ulike ballar språkleg sett. Ein kan spørja seg: Får alle det godt til? Gir det god trening som kjem godt med i andre samanhengar? Eit større prosjekt finansiert av Forskingsrådet har som mål å finna ut meir om dette, og i føredraget vert ulike sider ved særleg nynorskelevanes språkbruk og språkutvikling lagt fram og drøfta.

Vangsnes er professor ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet og har i mange år interessert seg for og forska på situasjonen for nynorskelevane.

Vis arrangement →
okt.
23.
12:00 p.m.12:00

Kåseri på kulturbåten med Finn Tokvam

finntokvam.jpg

Finn Tokvam kan kunsten å fortelje, å bruke ord som gjer at forteljinga blir levande for oss. Ombord i denne flotte kulturbåten som ligg til kai i Flåm tek han oss med i sine snirklete, underfundige og til tider skarpe observasjonar og tankar kring “bok, båt, folk og fjord - og litt meir mat”.

Vis arrangement →
okt.
23.
11:00 a.m.11:00

Bokpresentasjon Halvor Folgerø

Halvor--Folgeroe.jpeg

”Vestlandsvegar”

I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunellane, til både berykta og berømte vegar. Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast, og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvingar, rygging på stup, kork og kø, livredde turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar. Saman teiknar desse vegane eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet i nær fortid, og dei fortel om ein ufatteleg vilje til å trasse den steile naturen.

Vis arrangement →
okt.
22.
7:00 p.m.19:00

Åpningsarrangement

vigdis&co.jpg

”Men livet det e’ no da likaste, lell”

Me startar med eit fyrverkeri på scena som verkeleg kan kunsten å få publikum med seg Ho er ein framifrå Sivletolkar og ho har i fleire år gjort tekstane hans kjende i vårt langstrekte land. Vigdis Jordal har med seg to musikarar som klarer å halde same energinivå som ho sjølv.

Ei musikalsk og lyrisk framsyning med tekstar av Per Sivle, tonesett av Jon Sverre Ruder

Med:

Jon Sverre Ruder, song og gitar
Berit Bagøien Moe, piano
Vigdis Jordal, lyrikk og forteljing

Per Sivle (1857-1904), forfattar, lyrikar, journalist og nasjonalskald er ein av våre mest folkekjære diktarar.

Vis arrangement →