Filtrering etter: 2019

okt.
20.
1:00 p.m.13:00

"Vinje - vår mann" Forestilling med Kyrre Eikås Ottersen

Ulf R. Amundsen

Ulf R. Amundsen

I fjor feira Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein litterær konsert- og teaterproduksjon, nemleg «Vinje, vår mann». No får me forestillinga i ei komprimert form - servert på nydeleg vis av Kyrre Eikås Ottersen.

- det blir ei fin og intim stund som handlar om Vinje og nokre av songane hans som er tonesett. Det blir ein biografisk halvtime om Vinje i visestil, fortel Kyrre.

Aasmund Olavsson Vinje var ein mann som stod på og kjempa for korleis samfunnet skulle vere. Han såg på ting som var skeivt i samfunnet og var oppteken av like rettar. Han blei motarbeidd og sett ned på av dei som bestemte, men gav seg ikkje. Han kjempa for nynorsken og for at folk skulle få seg ei utdanning, uansett kva stand ein høyrte til.

Publikum vil mellom anna få høyre dikta «Der du gjekk fyre» og «Ved Rondane», i tillegg til utdrag frå den aller første boka på nynorsk, nemleg «Ferdaminni frå sumaren 1860».

- Det er spennande å lese om ein mann som stod på og kjempa for korleis samfunnet skulle vere. Han var praktisk og hadde tankar om alt i frå korleis ein skulle drive ein gard, til korleis ein skulle behandle dyr. Han såg på ting som var skeivt i samfunnet og var oppteken av like rettar. Han blei motarbeidd og sett ned på av dei som bestemte, men gav seg ikkje. Han kjempa for nynorsken og for at folk skulle få seg ei utdanning, uansett kva stand ein høyrte til. Det er ein fantastisk mann å få lov å formidle tekstane til.

Vis arrangement →
okt.
20.
9:00 a.m.09:00

Poesiyoga

yoga.jpg

Kva med å starte dagen med poesiyoga?

Anne Marie Torheim tek deg med på ein time med YIN YOGA. Dette kan passe for alle - ho kallar det for kvil deg i form-yoga, og du kan kome utan å ha prøvd yoga før. Det er begrensa med plassar. Kun 14 stk!

Du møter i lause, ledige klede, og har med deg ein ekstra gensar og varme sokkar. Resten har Anne Marie som du kan få låne.

Velkomen til ein herleg start på festivaldagen!

Anne Marie Torheim

Vis arrangement →
okt.
19.
til 20. okt.

Good Time Charlie

  • Google Calendar ICS
Foto: Oddleiv Apneseth

Foto: Oddleiv Apneseth

Me berre seier det: ta på deg gode sko! Good Time Charlie spelar opp og me trur det blir vanskeleg å sitte heilt og aldeles i ro…!

Good Time Charlie (GTC) har spelt på kryss og tvers av landet og langt utanfor landegrensene i meir enn 30 år. Bandet leverer svingande kvalitetsblues og har ein solid tilhengarskare hjå eit godt publikum.

Hjarteleg velkomne til ein svingande god laurdagskveld!

Vis arrangement →
okt.
19.
9:00 p.m.21:00

Kvitanesen kjem!

kvitanesen-torbjørnljones.jpg

Kvitanesen har ein spesielt god måte å skildra livet i bygdene våre på. Anten det handlar om tannlegebesøk, skitur til Grimsnuten, fotballkamp, husmåling i lange fruktstigar («stillas er for pyser») eller heilt andre tema, har han ei eiga evne til å finna dei rette orda og ta situasjonen på kornet.

Torbjørn Ljones er ein kjend kåsør og skribent i Hardangerområdet. Han har fare langsetter strendene der fleirfoldige gonger. Ja, så mykje har han opplevd der at han til og med har samla nokre av historiane sine mellom to permar!

No kjem han til oss - og me får berre førebu oss som best me kan, oppvarming av lattermusklatur blir anbefalt!

Vis arrangement →
okt.
19.
7:00 p.m.19:00

Bokpresentasjon Anne Gunn Halvorsen "STRESS"

annegunnhalvorsen.jpg

Kvifor er vi så stressa, og kva kan vi gjere med det?

Anne Gunn Halvorsen, forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det, har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor blir folk så slitne, og kven sin feil er det eigentleg?

 Forfattaren dreg ut på ei journalistisk reise i det norske stresset og kjem attende med ei rekkje gode tips og observasjonar om tida vi lever i.

Det handlar om sjukepleiaren som slutta i protest mot systemet, om superlæraren som svikta fordi han ville få til alt. Det handlar om vår indre, strenge stemme og kor den kjem frå. Det handlar om meditasjon og det moglege behovet for ein stor revolusjon. For nokre kan det hjelpe å dusje etter jobb og flytte mobilen ut av soverommet. For andre skal det meir til.

Stress og korleis leve med det er ei konkret handbok i stressmeistring og eit underhaldande augeblikksbilete av tida vi lever i. 

Me kan berre gleda oss!

Vis arrangement →
okt.
19.
3:00 p.m.15:00

Familiekonsert Good Time Charlie - JUBELBLUES!

GoodTimeCharlie.png

Good Time Charlie har stort engasjement for bluesmusikk – Med konsertkonseptet JUBELBLUES har dei truffe innertiar i det å spele blues for barn i alle aldrar.

Det blir vanskeleg å sitte heilt stille når desse karane spelar opp!

– Stilen vår er happy-go-lucky. Musikk som får ein i godt humør og som er enkel å vere med på. Samstundes skal han ha ein nerve som formidlar noko om livet, som smerte, draumar eller det å ta grep i eige liv , smiler Arle Hjelmeland.

Tekstane er på vestlandsdialekt og songane er lette å synge med på. Her fins både positivt innhald, mykje humor, dans og fri fantasi. Jubelblues er gøy for små og store, og bandet har ein unik evne til å skape god og kreativ kontakt med publikum. Her kan alle i salen delta – det handlar om å få brukt spontaniteten sin på ein god og leikande måte.

Good Time Charlie har lenge vore aktive med å spreie blå musikk til eit yngre publikum, og gav i 2013 ut Noregs første bluesbaserte barneplate på dialekt – «Draumeblues og blåsus» og i 2015 kom «Jubel og Skrubbsår». Begge platene er kritikarrost og svært godt motteke.

Vis arrangement →
okt.
19.
3:00 p.m.15:00

Bokpresentasjon Åsmund H. Eikenes "Håkon"

Foto: Tove Breistein

Foto: Tove Breistein

Åsmund H. Eikenes har tidlegare gitt ut sakprosabøkene “handboka” ((2016) og “Sprut” (2018). Han er biolog og forskningsformidlar, og har fått mange lovord om “Håkon”, som er den første romanen hans. Eikenes er frå Leikanger i Sogn og bur i Oslo.

Håkon er ei moderne kjærleikshistorie om å vera i starten av 30-åra og ikkje ha funne plassen sin i livet, verken åleine eller saman med andre.

Me gledar oss til å høyre på Åsmund!

Vis arrangement →
okt.
19.
2:00 p.m.14:00

Bokpresentasjon Lars Svisdal "Seg til inkjes"

Foto: Paul S. Amundsen

Foto: Paul S. Amundsen

Lars Svisdal er oppvaksen i Sunndal på Nordmøre. Han er utdanna innan litteraturvitskap, engelsk og nordisk språk og litteratur, og har tidlegare vore med på å gi ut tidsskriftet Ir. Han bur no på Leikanger i Sogn og jobbar som lærar. For sin første roman, Seg til inkjes (2018), blei han tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris.

-  Sjølvsagt er det store ting å få denne prisen. Eg har skrive med overlegg lenge. Veldig lenge. At det finst verdi for andre i skapningen alle desse åra har avfødd, er på eit nivå forbløffande. Dette er ikkje ein måte å leike audmjuk på, eg veit kva verdi boka har for meg. Lell er det noko heilt eige å bli minna på den forbløffande verdien ei bok kan ha for nokon som ikkje har sete å brote opp og stokka om og brote opp att alle desse setningane for å tyne det rette inn i dei. Sjølvsagt er det derfor store ting når påminninga er nett denne prisen, sier Lars Svisdal. 

Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar – og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.

Vis arrangement →
okt.
19.
1:00 p.m.13:00

"Vinje - vår mann" Forestilling med Kyrre Eikås Ottersen

Foto: Ulf R. Amundsen

Foto: Ulf R. Amundsen

I fjor feira Sogn og Fjordane teater og litteraturforumet «Rom for ord» målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein litterær konsert- og teaterproduksjon, nemleg «Vinje, vår mann». No får me forestillinga i ei komprimert form - servert på nydeleg vis av Kyrre Eikås Ottersen.

- det blir ei fin og intim stund som handlar om Vinje og nokre av songane hans som er tonesett. Det blir ein biografisk halvtime om Vinje i visestil, fortel Kyrre.

Aasmund Olavsson Vinje var ein mann som stod på og kjempa for korleis samfunnet skulle vere. Han såg på ting som var skeivt i samfunnet og var oppteken av like rettar. Han blei motarbeidd og sett ned på av dei som bestemte, men gav seg ikkje. Han kjempa for nynorsken og for at folk skulle få seg ei utdanning, uansett kva stand ein høyrte til.

Publikum vil mellom anna få høyre dikta «Der du gjekk fyre» og «Ved Rondane», i tillegg til utdrag frå den aller første boka på nynorsk, nemleg «Ferdaminni frå sumaren 1860».

- Det er spennande å lese om ein mann som stod på og kjempa for korleis samfunnet skulle vere. Han var praktisk og hadde tankar om alt i frå korleis ein skulle drive ein gard, til korleis ein skulle behandle dyr. Han såg på ting som var skeivt i samfunnet og var oppteken av like rettar. Han blei motarbeidd og sett ned på av dei som bestemte, men gav seg ikkje. Han kjempa for nynorsken og for at folk skulle få seg ei utdanning, uansett kva stand ein høyrte til. Det er ein fantastisk mann å få lov å formidle tekstane til.

Vis arrangement →
okt.
19.
12:00 p.m.12:00

Brit Bildøen - litterær samtale

Foto: T. Breistein

Foto: T. Breistein

Ho er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Brit debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho har også omsett fleire bøker. Det er mange av bøkene hennar som er omsette til fleire språk, og ho har motteke fleire litterære prisar. For boka Tre vegar til havet mottok ho Nynorsk litteraturpris 2018.
Me møter Brit i samtale med Torunn L.Todal

Vis arrangement →
okt.
19.
11:00 a.m.11:00

Bokpresentasjon Sigri Sandberg "Mørke"

Foto: Birger Amundsen

Foto: Birger Amundsen

MØRKE : STJERNER, REDSEL OG FEM NETTER PÅ FINSE

Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934.

Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur? 

Vis arrangement →
okt.
19.
9:00 a.m.09:00

Poesiyoga

yoga.jpg

Kva med å starte dagen med poesiyoga?

Anne Marie Torheim tek deg med på ein time med YIN YOGA. Dette kan passe for alle - ho kallar det for kvil deg i form-yoga, og du kan kome utan å ha prøvd yoga før. Det er begrensa med plassar. Kun 14 stk!

Du møter i lause, ledige klede, og har med deg ein ekstra gensar og varme sokkar. Resten har Anne Marie som du kan få låne.

Velkomen til ein herleg start på festivaldagen!

Vis arrangement →
okt.
18.
til 19. okt.

Stein Torleif Bjella - konsert!

  • Google Calendar ICS
Foto: Therese C. Wangberg

Foto: Therese C. Wangberg

Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten Heidersmenn i 2009. Me har sidan fått vere med på ei reise gjennom eit musikalsk landskap fullt av motbakkar og store djup, overhengande melankoli og underliggjande komikk.

Han har ei fantastisk evne til å beskrive livet og me må både le og gråte i møte med denne  karen frå Ål, med det fandenivoldske skråblikket på livet. Me gler oss til å dele denne konserten med deg på fredagskvelden!

Vis arrangement →
okt.
18.
9:00 p.m.21:00

Brit Bildøen m/fl : "Patti Smith på nynorsk"

thumbnail_David Aasen-pattismith.jpg

Patti Smith på norsk er eit samarbeid mellom songaren Kari Harneshaug og forfattarane Brit Bildøen, Ragnar Hovland og Agnes Ravatn, som har omsett songtekstar av Patti Smith til nynorsk. Framføringa inneheld musikalske tolkingar av Kari Harneshaug og gitarist Kyrre Laastad , og prat og opplesing av Brit Bildøen frå memoarbøkene Just Kids og M Train. 

 Omsetjinga blei støtta av Kulturrådet, utval for litteratur, og sidan har dei gjort framføringar ved Trondheim Folkebibliotek, Littlarm i Øystese, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Bøker i Bø, Dei nynorske festspela og Munch-museet i høve Munch/Mapplethorpe-utstillinga. 

Vis arrangement →
okt.
18.
8:00 p.m.20:00

Bokpresentasjon Gunnar Garfors "Ingenstad"

gunnargarfors.jpg

DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE REISE!

Gunnar Garfors er kjent for å ha reist verda rundt. På sine turar har han møtt menneske frå mange ulike kulturar og samfunn. Når Garfors er på reise, er det nysgjerrigheita som driv han. Hans vennlege og opne vesen gjer at han lett blir kjent med folk der han er.

I boka Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land tek han oss med til dei 20 landa i verda færrast av oss vel å reise til. Han har vevd opplevingane sine saman til ei lett og ledig bok.

Ingenstad møter du mellom anna ein særs imøtekomande statsminister, verdas beste sjokolademakar og ein mangobonde frå Jemen – landet som ein gong hadde fleire hundre tusen turistar i året.

Vis arrangement →
okt.
18.
7:00 p.m.19:00

Åpninga!

Livsglede1.png

Med eit tema som “Livsglede” kan me røpe at innhaldet i åpningsarrangementet vil prøve å spegle det på finurleg vis!

Me inviterer til drypp frå programmet, spenstige tonar frå “Stilige Dan” og kanskje ei lita overrasking!

Du er hjarteleg velkomen til å vere med!

Vis arrangement →
okt.
18.
7:00 p.m.19:00

Musikkprosjektet "STILIGE DANN"

stiligedan.jpg

Dette er noko de kan glede dykk til! Musikkprosjektet “Stilige Dann” kjem til nynorske litteraturdagar og skal vere med oss både fredag og søndag!

Dei skal gje oss ein god start på festivalen under åpninga fredag 18.oktober kl 19.00 OG dei blir med under Ynskjekonserten i Vangen kyrkje søndag 20.oktober kl 15.00.

Stilige Dann kom til verda våren 2018, med ei salig blanding av velvaksne musikarar og dei pur unge vokalistane Beatrice Juskaite og Anna Jevnaker Asperheim. Jamvel har dei med seg ei herleg blåserekkje, alle med lang fartstid i Sogndal Storband.

Øyvind Lægreid, mannen bak «Eagles på nynorsk» har no tromma saman eit nytt tributeband, til æra for den amerikanske gruppa Steely Dan. «Stilige Dann» er namnet og alle tekstar er sjølvsagt på nynorsk. Ideen var å setja nynorske/dialekttekstar til nokre av Steely Dan sine mest kjende låtar.

Steely Dan vart etablert i 1972 av Donald Fagan og Walter Becker. Jazz, fusion, rock, funk og pop stod på repertoaret til gruppa som var kjend for å vera perfeksjonistar i alle musikalske samanhengar.

Bandet består av:

Odd Tore Moen, vokal

Hans Jørgen Røneid, gitar

Odd Sigmund Høl, gitar

Arnt Kjell Ellingsen, tangentar

Gunstein Røneid, bass

Øyvind Lægreid, trommer

Terje Svori, perkusjon

Beatrice Juskaite, vokal, gitar og kor

Anna Jevnaker Asperheim, vokal

Paal Fosdal, trombone

Gunvor Lidal, trompet

Roar Sandnes, saksofon

Vis arrangement →
okt.
18.
10:00 a.m.10:00

Skulebesøk - Asbjørn Rydland

Foto: Tove Breistein

Foto: Tove Breistein

Asbjørn Rydland er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling. I Vegandi-serien tek han lesaren med inn i eit fantastisk univers med gudar, magi, dataspel og parallelle dimensjonar.  Den første boka i seien ”Galderstjerna” fekk Uprisen i 2017. Bok nr 2 i serien heiter ”Draumsende” og tek osss med vidare i eventyra til hovedpersonen Eirik.

Me ynskjer Asbjørn hjarteleg velkomen til Aurland!

Vis arrangement →
okt.
16.
10:00 a.m.10:00

Skulebesøk - Malin Hellebø!

Foto: Tove Breistein

Foto: Tove Breistein

Visste du at mohairgeita sitt beste sjekketriks er å tisse seg sjølv i fjeset? At edderkoppar sjarmerer damene med musikk og heftige rytmar? At pingvinar frir med småstein? Eller at geviret til hjortebukken er eit verktøy for å imponere dei kresne kollene? I denne boka tek Malin Hellebø og Camilla Kuhn for seg dei fascinerande og rare metodane dyr har for å finne seg ein make. 

Boka tek for seg både insekt, amfibiar og pattedyr og er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda.

Malin Hellebø  er frå Lærdal og bur i Oslo. Ho er utdanna lærar, men har dei siste åra blitt kjend som programleiar for Dyrevenn på NRK Super. «Dyras beste sjekketriks» er hennar debutbok.  

Vis arrangement →